Nyttig webinar om investeringsmidlar i landbruket for 2022

Ungdyr på beite i Sandnes.
Kyr på beitet. Foto: Iris -Adele Jess / Statsforvaltaren i Rogaland.

Onsdag 1. desember arrangerte vi webinar saman med Rogaland fylkeskommune og Innovasjon Norge om prioritering av investeringsmidlar i landbruket for 2022.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.12.2021

Partnarskapet i landbruket hadde møte i 27. november der vi drøfta prioriteringar av investeringsmidlane (IBU) for 2022. Der blei det også bestemt at vi skulle arrangere eit eige webinar om dette tema. Webinaret blei annonsert tidleg og det var om lag 150 påmeldte.

Kjekk historie frå Finnøy

Erik Bleie frå Finnøy blei utfordra til å fortelje historia der han har investert i eit mjølkefjøs innan høgast prirotert gruppe. Han framheva det å ha ein god plan, og å bygge ut frå ressursgrunnlaget på garden. Nybygget har gitt betre trivsel for folk og dyr, og økonomien er på «rette sida» av driftsplanen. Det kom tydeleg fram at støtta frå Innovasjon Norge var avgjerande for at han satsa på nybygg. Dette var eit positivt bidrag for dei som tenkjer på nybygg. 

Klar prioritering av nye mjølkefjøs

Anfinn Rosnes informerte innleiingsvis om status i næringa, og la mellom anna fram oppdaterte tal om status for omstilling frå båsfjøs til lausdriftsfjøs i Rogaland. Det er løyvd 200 millionar ekstra til investeringsstøtte gjennom stasbudsjettet, med klart signal om at desse også skal prioriterast til mjølkefjøs opp til 30 kyr. Samstundes er det ikkje endeleg avklart korleis desse ekstra midlane blir fordelte mellom regionar.

Det er også kome signal om at delar av midlane kan nyttast til ombygging av eksisterande ammekufjøs frå bås til lausdrift. Det kan vere aktuelt med eit nytt webinar om det kjem klare endringar av bruken av desse midla. Meir om den regionale prioriteringa finn du i eiga nettsak og på Innovasjon Noreg sine nettsider.

Innovasjon Norge er klare for nye saker

Innovasjon Norge informerte om at det no er få søknadar til handsaming, og at dei er klare til å starte arbeidet med investeringssaker for 2022. Det blei framheva at her gjeld ikkje «første mann til mølla».

Med endå sterkare fokus på mjølkefjøs blir det mindre til andre føremål, det gjeld eksempelvis ordninga med støtte ved generasjonsskifte. Ordninga med ekstra midlar til bygg i tre blir likevel vidareført, og gjeld for investeringsprosjekt som fell under prioriterte område.

Elles informerte Innovasjon Norge om andre støtteordningar med tilknyting til landbruk, mellom anna om fornybar energi.

God dialog viktig

Det var ein god del spørsmål i møtet, og slik sett ei god involvering. Vår vurdering er at dette var eit nyttig treffpunkt, særleg at vi er tidleg ute med informasjon slik at bønder ikkje søkjer om støtte til tiltak som uansett ikkje når fram i priroteringskøa. Samstundes er det viktig at vi mobiliserer for saker som har prioritet. Og her var innslaget frå Finnøy viktig. Eit slikt digitalt treff gir truleg ein lågare terskel for vidare dialog mellom ulike aktørar. Det gir i sum spart arbeid for alle involverte.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.