Status for miljøfaktorar i skogen i Rogaland

Foto: Birgit S. Hagalid.

NIBIO har nyleg publisert rapporten «Tilstand og utvikling i skog 2002-2017 for noen utvalgte miljøegenskaper. Kva seier den om skogen i Rogaland?

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.03.2021

Undersøkinga baserer seg på data frå Landsskogtakseringen som har 9 445 prøveflater i produktiv skog der dei gjer registreringar kvart femte år. Rapporten skal belysa utviklingstrekk for utvalte skogeigenskaper som er knytt til miljøkriteria i Norsk PEFC Skogstandard og gi grunnlag for å vurdere om det trengs endringar i skogstandarden.

I store delar av rapporten inngår Rogaland i regionen Vestlandet i saman med Møre og Romsdal og Vestland fylke. I denne regionen har det vore ei auking i areal med gammal skog, lauvskog og andelen eldre skog i kantsonar mot vassdrag og myrer. Det har også vore nesten ei dobling i andelen død ved i skog frå 8,2 til 15,8 m3/ha i perioden 1996 til 2017. Ser ein heile landet under eitt ser ein dei same trendane.

På landsbasis har andelen lukka hogster i gran- og furudominert skog hatt ein nedgong frå 2002 til 2017, mens andelen biologisk viktige område i produktiv skog har auka frå 17,1 til 19,9 prosent i frå 2014 til 2020.

I avsnitta under står det meir om fleire av temaa som er vurdert i rapporten.

 

Biologisk viktige område

Biologisk viktige område omfattar areal der det er restriksjonar på kva type inngrep som er lov å gjennomføre og der grunneigar tek spesielle miljøomsyn.  Dette inkluderer nøkkelbiotopar, produktiv skog verna som naturreservat eller nasjonalpark, og skogområde som er underlagt spesielle omsyn jamfør PEFC Skogstandarden.

I Rogaland var det 1 527 000 dekar med produktiv skog i 2020. Av dette arealet var det 19,4 prosent som er definert som biologiske viktige område. For heile landet har andelen auka frå 17,1 til 19,9 prosent i frå 2014 til 2020. Auka kan i stor grad forklarast med areala som er sett av til vern gjennom ordninga med frivillig vern, og auking av areal med gammal skog.

Areal gammal skog

I gammal skog finn ein elementer som grove tre med mykje moser og lav, hule tre, og død ved som er viktige for det biologiske mangfaldet. Andel gammal skog kan målast på ulike måtar. I rapporten har dei mellom anna sett på andelen skog i hogstklasse 5 og andelen biologisk gammal skog. 

Arealet med skog som er i hogstklasse 5 på Vestlandet har auka frå 34,7 til 46,1 prosent frå 2002 til 2017. I same periode har det vore ein auking frå 34,8 til 40,9 prosent for heile landet. Det er styrst auking i furudominert og lauvdomiert skog.

Ved å trekke ut andelen av skogen i hogstklasse 5 som er over ei gitt aldersgrense har Nibio fått tal på kor mykje skog som er biologisk gammal. For Vestlandet har arealet gått frå 2,2 til 8,2 prosent frå 2002 til 2017. På landsbasis har arealet med biologisk gammal skog nesten dobla seg frå 6,9 til 12,8 prosent frå 2002 til 2017. Aukinga har vore lik i gran-, furu- og lauvdominert skog.

Areal lauvskog

Lauvtreinnblanding i bardominert skog er ein svært viktig faktor for det biologiske mangfaldet fordi ulike artar er knytt til dei ulike treslaga. I 2017 var 47 prosent av skogen i hogstklasse 3-5 lauvdominert på Vestlandet. Dette er ei auking frå 2002 då same tal var 44,3 prosent.

Innslag av edellauvtre er høgast i Sør-Noreg og på Vestlandet på grunn av eigna klima. Edellauvtre er eik, ask, alm, lind, lønn, hassel og svartor. I region Vestlandet har arealet som er dominert av edellauvtre auka med 5411 hektar i frå 2002 til 2017. På landsbasis har det har det vore ei svak auking. Ein ser også at arealet med spredte førekomstar av edellauvtre aukar. Endringane kjem truleg av gradvise klimaendringar.

Død ved

Død ved er svært viktig for det biologiske mangfaldet i skog fordi fleire tusen artar er avhengig av død ved av ulike slag som levestad. Vestlandet peiker seg ut som den regionen med sterkast aukingi volum død ved, og dette har neste dobla seg frå 8,2 til 15,8 m3/ha i frå 1996 til 2017. Nibio peiker ikkje på nokon spesiell årsak til at auking er så stor på Vestlandet. Total mengde død ved for det produktive skogarealet som er analysert har hatt ei jamn auke frå 8,0 til 11,4 m3/ha frå 1996 til 2017 på landsbasis.

Hogstformar

Ein vel hogstform ut frå forholda på staden, økonomien i drifta og omsyn til biologisk mangfald. Ved lukka hogster står det igjen meir skog enn ved opne hogster. PEFC Skogstandard krev at ein skal nytte seg av lukka hogstar og naturleg forynging der forholda ligg til rette for det. Om forholda ikkje ligg til rette for den type hogst skal ein nytte open hogst som flatehogst og planting eller såing for å få opp ny skog. Rapporten visar at ein generelt nyttar flatehogst i granskog og lukka hogst i furuskog. For omkring 60 prosent av lauvskoghogstene blei det nytta flatehogst. Andelen lukka hogster i gran- og furudominert skog har hatt ein klar nedgong frå 2002 til 2017. Det er ikkje lagt fram regionvise tal for hogstformar.

Kantsonar

Kantsonar langs vassdrag og myrer har relativt høg og stabil markfuktighet og utgjer difor spesielle livsmiljø for ein rekke artar som speler ein viktig rolle for å bevare det biologiske mangfaldet. På Vestlandet er det omkring 72 100 hektar med kantsonar mot vatn, elver, bekkar og myrer. Rapporten visar at andelen kantskog som var i hogstklasse 5 har auka frå 28,8 til 38,1 prosent frå 2002 til 2017. Aukinga gjenspeiler at skogbruksaktiviteten i kantsonane har vore synkande i denne perioden. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Norsk PEFC Skogstandard

Det norske skogsertifiseringssystemet, PEFC Skogstandard, blei fyrste gong godkjent i 2000, og har vore revidert tre gonger etter det. Fjerde revisjon starta i 2020 og ny standard skal vere ferdig og godkjent i løpet av 2023. Konkrete faktorar i skogen blir overvaka for å vurdere om det er behov for å endre skogstandarden. Rapporten samanstiller fleire av desse og er ein del av grunnlagsmaterialet i revisjonsprosessen.