Gamalt handverk syrgjer for smellgode spekepølser

Magnhild Dyrdal, kjend frå dokumentaren «Folk ved fjorden», har i alle år laga spekemat på gamlemåten med bruk av naturen sine eigne mjølkesyrebakteriar og lang modning.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.10.2018

Heile 25 kursdeltakarar brukte laurdagen i haustferien til å lære meir om denne metoden av mathandtverkaren Magnhild frå Dyrdal gard i Ostereidet i Hordaland.

Deltakarane kom reisande frå heile fylket inn til Sand i Suldal, for ein kunne ikkje la ein slik sjanse til ny lærdom om speking og teknikk gå i frå seg.

Vil du vite meir om metodane og teknikkane, vil vi anbefale å sjå Geir Hopen Nødset sin blogg med oppskrifter og videoar. Han har delteke på kurs og intervjua Magnhild Dyrdal.

Arrangør av kurset på Sand var Astrid Brommeland hos Fylkesmannen i Rogaland.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.