Ein fantastisk eplehaust

No byrjar ein å sjå resultata av ny-plantingane og fruktsatsinga som har vore i Rogaland sidan 2014. Pakkeriet i Årdal har i år pakka meir enn dobbelt så mykje frukt som i fjor.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.10.2018

Over 450 dekar er dei fire siste åra planta til med ulike eplesortar etter tett-plantingsprinsippet med automatisk vatning og gjødsling.

Frå krise til revitalisering

Hausten 2014 var det krise i fruktnæringa i Rogaland. Frukthagane trong fornying og det var vanskar med rekrutteringa. Initiativ frå fruktdyrkarane gjorde sitt til at Fylkesmannen i Rogaland og Innovasjon Norge laga visse reglar som vert kravde for å søke Innovasjon Norge om finansiering (kriteriedokument), samt at det vart arrangert fruktsafariar, studieturar og andre møte. Etter dette har det berre gått ein veg, oppover. I perioden 2015-2018 har nesten halvparten av dei etablerte fruktdyrkarane planta nytt og det har kome til 12 heilt nye fruktprodusentar som tidlegare aldri har planta eit epletre.

Fleirdobla avlingsmengde

Dei fleste nye fruktdyrkarane kjem frå Hjelmeland, men også frå Strand, Suldal, Lund og Randaberg. Dei plantar eple med 60-100 cm avstand mellom epletrea i lange rekker. Det vert no planta dobbelt så mange tre per dekar enn det vart gjort før, og avlinga vert deretter. Tidlegare vart det sagt at 1000 kg frukt var vanleg per dekar, medan med dei nye måtane å plante, vatne og gjødsle på reknar ein med 3500 kg pr dekar. Dei dyktige kan få opp mot 6000 kg pr dekar, medan andre får mindre. Dette er som i andre bransjar avhengig av mellom anna dei personlege eigenskapane til fruktdyrkaren, i tillegg til jordsmonn, klima m.m.

For å kunne leve av frukt, vert det anbefalt å plante om lag 20 dekar. Det har alle dei nye fruktdyrkarane gjort og investeringane ligg på rundt 3 -3,5 mill kroner. Svært mange nyttar arbeidsplattform i beskjering, tynning og hausting. Dette reduserer arbeidsmengda med minst 25 prosent og gjev god HMS for dyrkaren.

Sjølveigd pakkeri

Fruktpakkeriet i Årdal vart stifta i 2016 og opna hausten 2017. 29 fruktdyrkarar er med i laget og har i haust levert om lag 370 tonn med eple og 30 tonn med pærer og plommer. Både gamle og nye fruktfelt har bore godt med frukt denne sommaren. Tidlegare har fruktprodusentane levert til eit pakkeri på Rennesøy som sjølve seier at dei aldri hadde kunne ha tatt i mot dei mengdene med frukt som det har vore i år, så det var ei lukka at fruktbøndene starta sitt eige.

Skaper verdiar for 30 millionar kvart år

I tillegg til dyrking av eple, vert det også satsa på morellar i tunnel. Så langt er det etablert eller planlagt etablert 54 dekar med morellar i tunnel. Verdiskapinga totalt for både eple og morellar er på om lag 30 millionar kroner kvart år.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.