Vil du sette av ei "vipestripe" våren 2021?

Denne våren satte over 40 bønder av ei lita stripe med jordarbeidd areal til vipa. Vil du gjere det same våren 2021? Då må du melde ifrå til kommunen før 15. oktober, det er eit vilkår for regionalt miljøtilskot. Melding av interesse er uforpliktande. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 29.09.2020

Vipa hekkar tidleg, i april – mai, og legg egg rett på bakken. Ho liker opne areal, gjerne jordarbeidde område der ho både finn mat og lett kan oppdage rovdyr og fuglar som vil ta egga. I 2019 blei det innført tilskot til "vipestripe" i regionalt miljøprogram for å sette av mindre areal til vipa. 

Førebels tilskotssats er 800 kr per dekar

Tilskotet blir gitt for å jordarbeide ei sone som ligg ved/inntil eit opent område som t.d. innmarksbeite, myr, open fastmark o.l. Jordarbeidinga må vere gjort før 20. mars, og sona må få ligge urørt fram til 1. juni. Det må minimum settast av 2 dekar, og det blir ikkje gitt tilskot for meir enn 20 dekar. Sona må vere i eit område som i utgangspunktet er attraktivt for vipe. Dei som vil vere med på ordninga i 2021 må seie ifrå til kommunen/Fylkesmannen før 15. oktober 2020. På den måten kan forvaltninga følge opp og vurdere om ordninga fungerer etter intensjonen. Det er uforpliktande å melde ifrå. Du søkjer på tilskotet hausten etter at du har hatt vipestripa, og fører då på kor mange dekar du har hatt + teikner inn arealet i kartløysninga. Når du søkjer er namnet på ordninga " tilrettelegging av hekke- og beiteområde for fugl, høg tilrettelegging". 

Ein del av regionalt miljøtilskot

Tilskot til vipestripene er eit av dei regionale miljøtilskota som inngår i Regionalt miljøprogram i Rogaland. Du søkjer på vipeordninga samtidig som du søkjer tilskot til bratt areal, turstiar, miljøvenleg gjødselspreiing m.fl. Søknadsfristen er 15. oktober, og det er dei som driv vanlig jordbruksproduksjon som kan søkje. Dei som har berre har hobbybruk og hagar får ikkje regionalt miljøtilskot.  

Kontakter dei som hadde vipestriper i vår

Vi hos Fylkesmannen vil gjerne høyre erfaringane frå dei som hadde vipestriper i 2020, og kjem til å ta ein ringerunde til dei aktuelle. Ordninga er heilt ny i Noreg, og må evaluerast fortløpande. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.