Desse prosjekta blei støtta med klima- og miljøtiltaksmidlar i 2022

NIBIO fekk i 2022 støtte til å undersøke gardbrukarane sine erfaringar med vipestriper på jordbruksjord.

Statsforvaltaren hadde 600 000 kr i 2022 til regionale klima- og miljøprosjekt. Midlane blei brukt mellom anna til å sjå på effektar av separering av husdyrgjødsel, og til å innhente gardbrukarane sine erfaringar med vipestriper på jordbruksareal.   

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.01.2023

Statsforvaltaren fekk i 2022 søknadar for over 1,4 mill.kr. Desse prosjekta fekk tilsagn om støtte: 

Fagtema forureining til vatn, jord og luft

  • 181 600 kr. Frivillige tiltak på Jæren og Frivillige tiltak på Haugalandet. Begge er prosjekt med mål på å redusere næringsavrenninga til vassdrag frå gardsbruk.  Vindafjord kommune og seinare Tysvær kommune var vertskommunar for satsinga på Haugalandet. Hå kommune er vertskommune for satsinga på Jæren. Satsingane er ein viktig del av landbrukssektoren si oppfølging av vassforskrifta. 
  • 165 000 kr. Separering av husdyrgjødsel på garden - kartlegging av aktuelt utstyr og næringsinnhald i gjødsla. NLR Rogaland.
  • 45 889 kr. Digitalisering av dokumentasjon om leveranse og mottak av husdyrgjødsel. NLR Rogaland

Fagtema Klimagassutslepp og karbonbinding

  • 11 750 kr. Studietur biogass, gardsanlegg. Tollef Gjedrem. Støtte til ei gruppe med bønder i Dalane for å reise på studietur.

Fagtema Naturmangfald og kulturminne. 

 

Nye søknadar

Frist for å søkje støtte til nye prosjekt i 2023 er 15. mars. Utlysinga av midlane finn du i denne nettsaka på våre heimesider.

Kort om regionale klima- og miljøtiltaksmidlar

Statsforvaltaren i Rogaland forvalter årleg om lag 600 000 kr som kan brukast til å støtte prosjektsatsingar innanfor klima og miljø. 

Måla for midlane er å bidra til:

  • At produksjonen av mat skal skjer med god ressursbruk og minst mogleg forureining, klimagassutslepp og tap av biomangfald
  • Å auke miljøtenestene frå landbruket som kulturlandskap, biologisk mangfald i kulturlandskapet, binding av karbon og produksjon av biogass.
  • Å tilpasse agronomi og dyrkingssystem til endra klima, med sikte på å oppretthalde eller auke matproduksjonen og ta vare på ressursane. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.