Hålandsvatnet– seks søknadar er sendt til Miljødirektoratet

Miljødirektoratet sin søknadsfrist for tilskot til vassmiljøtiltak var 15. januar.  Totalt er det søkt om over 1,5 millionar til tiltak i regi av fellessatsinga på Hålandsvatnet. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.02.2023

I regi av prosjektet Betre vasskvalitet i Hålandsvatnet er det mobilisert fram seks ulike søknadar om tilskot til tiltak i og ved Hålandsvatnet. Sjølv om endeleg prosjektetplan framleis ikkje er vedtatt, er det søkt om støtte slik at arbeidet rundt Hålandsvatnet kan starte alt i 2023. 

Det er søkt om tilskot til:

  • Produksjon av kort animasjonsfilm om problematikken i vatnet.
  • Tiltaksplan for Kverneviksbekken.
  • Fiskeundersøkingar i Hålandsvatnet.
  • Prøvetaking av vatn i tilførselsbekkar.
  • Prøvetaking av vatn for resultatmåling og restaurering i renseparkar i Randaberg.
  • Rydding av Hålandsholmen for tilrettelagt skjøtsel og hekkeområde for fiskemåke.

Søknadane er innsendt av hv. Stavanger kommune, Randaberg kommune og Naturvernforbundet. Totalt er det søkt om over 1,5 millionar kroner til tiltak i prosjektet. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.