Arbeidet for eit reinare Hålandsvatn er i gang

Hålandsvatnet.
Hålandsvatnet. Foto: Monica Dahlmo / Statsforvaltaren i Rogaland.

Startskotet for prosjekt Betre vasskvalitet i Hålandsvatnet gjekk 17. mars, og her ser du kva tiltak som har fått finansiering.  

Publisert 03.05.2023

Desse tiltaka har fått økonomisk støtte 

  • Søknad om tilskot frå Miljødirektoratet til informasjonsfilm: 100 000 kr. 
  • Søknad om tilskot frå Miljødirektoratet til vassprøvetaking: 100 000 kr. 
  • Søknad om tilskot frå Miljødirektoratet til Utgreiing av Kverneviksbekken som gytebekk: 120 000 kr. 
  • Søknad om tilskot frå Rogaland Fylkeskommune til vassprøvetaking i tilføringsbekkar til Hålandsvatnet: 30 000 kr. 
  • Søknad om tilskot frå Rogaland Fylkeskommune til informasjonsfilm: 20 000 kr. 
  • Søknad om tilskot frå Rogaland Fylkeskommune til restaurering og resultatmåling i Hålandsvatnet: 29 000 kr. 
  • Søknad frå Norsk landbruksrådgiving Rogaland til Statsforvaltaren om miljørådgiving til alle bønder i nedbørsfeltet til Hålandsvatnet: 94 800kr. 
  • Søknad frå Norsk landbruksrådgiving Rogaland til Statsforvaltaren om avlingsmåling av grovfôr i nedbørsfeltet til Hålandsvatnet med sikte på å sjå på fosforbalansar: 63 975kr. 
  • Søknad frå Randaberg kommune til Statsforvaltaren til tiltaksarbeid rundt Hålandsvatnet: 164 000kr

Til saman: 795 935kr. 

Desse søknadane ventar på svar

Det er nå også sendt inn ytterligere tre søknadar til Rogaland fylkeskommune. Dette er midlar til utsetting av fisk (tilskot til innlandsfiske), kartlegging av overvannssystem rundt Hålandsvatnet, og uttesting av randsoner i grønsaksproduksjon (dei to siste er til regionale tilretteleggingsmidler i landbruket – RT-midler).

Søknad om tilskot til trua naturtypar som skal gå til oppreinsking av Hålandsholmen er det gitt indikasjoner på positivt svar, men vi venter framleis på vedtaksbrevet.

Kort om prosjektet Betre vasskvalitet i Hålandsvatnet

Prosjekt Hålandsvatnet er eit samarbeid mellom Statsforvaltaren i Rogaland, Randaberg kommune, Stavanger kommune, Rogaland fylkeskommune, bondelaga, grunneigarar m.fl. Forureining har lenge vore eit problem, og målet er å få på plass fleire tiltak for å betre tilstanden i vatnet. 
 
Medan dei andre vassførekomstane i Jæren vannområde viser teikn til betring, har Hålandsvatnet peika seg ut i negativ retning. Mange er utolmodige, og vil ha raske resultat. Men det er grunn til å smøre seg med tolmod. Langvarig belastning frå jordbruk, avløp og anna aktivitet i nedslagsfeltet har resultert i svært fosforrike sediment. Første prioritert er å redusere dei årlege tilførslane som i dag overskrid toleevna til vassdraget.
 
Prosjektet grip over både jordbruk, avløp og natur. Margit Reiersen blei august 2022 som prosjektleiar. Prosjektplanen blei vedtatt mars 2023, og saman med kommunane, bøndene og interesseorganisasjonane i området er ein rekke tiltak i gang. 

Interessert i informasjon om Hålandsvatnet?

I regi av prosjektsatsinga vil prosjektleiar sende ut nyhende om Hålandsvatnet til interesserte personar. Gi beskjed til Margit Reiersen dersom du ønsker å motta informasjon på e-post. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.