Vil du bidra med å ta vare på vipa? Da kan du søkje tilskot i Regionalt miljøprogram!
I regionalt miljøprogram (RMP) er det to tiltak som omhandlar å verne om vipa. Det eine tiltaket går ut på å tilretteleggje for at vipa har gode areal til å etablere reir. Det andre tiltaket går ut på å vise omsyn til vipereir som er etablert på jordbruksareal.
§14 Tilrettelegging av hekke- og beiteområde for fugl
Høg tilrettelegging – Vipestriper
Figur 3: Illustrasjon som viser «ei stripe for vipe». Av Erik Steen Larsen.
Tilskotet gjeld tilrettelegging for vipe i form av etablering av vipestripe. Føretaket må innan 1. mars same år ha meldt i frå til kommunen eller Statsforvaltaren om interesse for vipestripe.
Ei vipestripe er eit areal med pløgd jord eller areal i stubb som er sett til side for at vipa kan etablere reir og hekke utan forstyrring. Vipa liker område med svart jord i dagen. Det gjer areala opne og oversiktlege slik at ho kan oppdage fiendar. Vipestripa må minst vere 2 dekar for å kunne motta tilskot. Områda skal ligge urørt i perioden 20. mars –1. juni. Med urørt meinast det at areala ikkje skal køyrast på i denne perioden. Det betyr at gjødsling og såing må vente til 1. juni.
Arealet skal vere attraktivt for vipa. Det aktuelle vipearealet skal ligge inntil eit sideareal som vipeungane kan rømme ut i når jordbruksdrifta tek til igjen 1. juni. Sidearealet skal ikkje vere tresett. Sidearealet skal vere; areal som blir beita, kornareal, myrområde, eller bar fastmark. Det må vere mogleg for ikkje-flygedyktige vipeungar å komme seg over til sidearealet. Det betyr at det ikkje kan vere fråskilt vipearealet med djup kanal, heilt tett steinmur, høgt trafikkert veg eller andre uoverkommelege hindringar.
Det er viktig å huske at vipearealet bør såast i etter 1. juni for å vere i drift og kvalifisere for produksjonstilskot. Du som søkjar skal berre teikne inn vipearealet i søknaden, og eventuelt kommentere sidearealet i søknaden. I samband med nydyrking, er det vanleg å la arealet ligge ei stund for at det skal sette seg. Tilskotet gjeld allereie fulldyrka areal og ikkje areal under nydyrking. Stadleg kontroll må utførast.
§15 Tilrettelegging for grupper av hekkande viper
Formålet med tilskotet er at du som bonde skal vise omsyn til grupper av hekkande viper i di drift. Dette betyr at du skal kunne fortsett drive arealet som normalt, men du skal vise omsyn til vipene som har reir på arealet. Å vise omsyn er å gi vipene tilstrekkeleg fred og ro i hekkinga. Du som bonde skal sørge for at reira ikkje blir forstyrra eller øydelagt på grunn av din aktivitet.
Vilkår for å kunne motta tilskot
- Det er konstatert ei hekkegruppe på ditt areal
- Du har meldt i frå til kommunen eller Statsforvaltaren om hekkegruppa innan 15. april
- Du har vist omsyn til vipa i di drift
- Du har ført logg over tiltak som er utført. Forslag/mal til ein slik logg er vedlagt.
Ei hekkegruppe er minst tre vipereir som har en avstand som legg til rette for eit fellesforsvar mot predatorar. For å oppretthalde eit felles forsvar mot predatorar, så skal avstanden mellom alle reira i hekkegruppa vere 200 meter eller mindre, sjå figur 4. For å utløyse tilskot, må det vere ei hekkegruppe på arealet som du disponerer. To av reira i hekkegruppa må ligge på arealet som du disponerer for å utløyse tilskot. Dette vil seie at eitt av reira i den definerte hekkegruppa kan ligge på areal utanfor arealet som du disponerer. Skriv i merknadsfeltet til saksbehandlar at eitt av reira i hekkegruppa ligg utanfor areal som du disponerer eller på etablert vipestripe.
Figur 4. Her er to eksemplar på ei hekkegruppe vist i lilla sirkel. Avstanden mellom reira i hekkegruppa er mindre enn 200 meter. Eksempel a) viser at reira er plassert i ein trekant-form, her er avstanden mellom alle tre reira mindre enn 200 meter. Eksempel b) viser at reira er plassert på ei linje, her er avstanden mellom reira på enden av linja mindre enn 200 meter. I begge eksempla er avstanden mellom reira utanfor hekkegruppa meir enn 200 meter.
Kva for tiltak som kan gjerast avhenger av di drift. Under kan du sjå nokon forslag til tiltak som kan gjennomførast.
- Gjennomført kartlegging og merking av reir i kart, f.eks. digitalt kart eller fysisk kart.
- Bruk av vipedisk eller liknande under gjødsling
- Hald ei buffersone frå reir under jordarbeiding
- Redusere maskinhastigheita i nærleiken av reir
- Hald avstand frå reir under sprøyting
- Tilpassa beitepress og bruk av vipebur eller liknande
- Informasjon til tilsetje om plassering av reir og kva for ein tiltak som skal gjennomførast
Tilskotet gjeld alle reir som er på ditt areal, både i hekkegruppa og utanfor hekkegruppa. I søknaden teiknar du inn alle reira som er på arealet som du disponerer. Dette tilskotet kan søkast på samstundast med vipestripe-tiltaket. Du vil kunne motta tilskot for både vipestripe og tilrettelegging for grupper av hekkande viper. Reir på etablerte vipestripe kan ikkje motta tilskot samtidig som ein mottar vipestripe tilskotet. Har ein etablert ei vipestripe og det etablerast vipereir på denne vipestripa må ein velje kva for ordning ein vil søkje på. Vipereir på etablert vipestripe kan vere del av hekkegruppe som krevjast for å utløyse tilskot.