Tilskotsordningar i Regionalt miljøprogram 2022

Rogaland har 66,4 millionar kroner til regionalt miljøtilskot i 2022. Oversikt over dei ulike tilskotsordningane med vilkår og skjøtselsråd finn du her.  

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.09.2022

Dei regionale miljøtilskota sorterer under følgjande hovedområde: 

1. Ordningar for å ta vare på kulturlandskapet

2. Ordningar for biologisk mangfald

3. Ordningar for å ta vare på kulturminne og kulturmiljø

4. Ordningar for å styrke friluftsliv

5. Ordningar for å minske næringsavrenning til vatn

6. Ordningar for å minske tap til luft

7. Klimarådgiving

 

1. Ordningar for å ta vare på kulturlandskapet

Fleire stader i Rogaland er gjengroing av kulturlandskapet eit aukande problem. Det opne og varierte landskapet er svært viktig for trivsel og busetnad. Reiselivet tener også på opne og vakre kulturlandskap. I Regionalt miljøprogram er det valt å gi tilskot til areal som er særleg utsett for gjengroing, og til utvalde område som er viktig av omsyn til turisme eller har særlege kulturhistoriske verdiar.

1.1 Drift av bratt areal. Førebels sats: 70 kr per dekar 

Det blir gitt tilskot til bratt jordbruksareal for å halde areala i hevd og for å halde kulturlandskapet opent. Tilskotet blir gitt til jordbruksareal (fulldyrka areal, overflatedyrka areal eller innmarksbeite) som har ei helling på 1:5 eller brattare. Det er den som søker produksjonstilskot på arealet som skal søke miljøtilskotet. Beiting aleine er ikkje nok for å få tilskot. Søkarar må aktivt skjøtte arealet gjennom t.d. slått, ugrashandtering, gjødsling m.m.

  • Arealet må haustast anten ved slått eller beite, og må drivast slik at det har normal fôrkvalitet og produksjon.
  • Søkarane må ha minst 15 dekar bratt innmarksbeite for å ha krav på tilskot til innmarksbeite.
  • Tilskot til bratt fulldyrka og/eller overflatedyrka areal blir gitt frå første dekar.

1.2 Drift av beitelag. Førebels sats: 20 kr per dyr

Beitelag kan søke tilskot. Nytt er at tilskotet nå blir utmålt på grunnlag av dyr som er sleppt på utmarksbeite. Beitelaget skal vere registrert i den kommunen der størstedelen av beiteområdet ligg. Viss laget beiter i fleire kommunar, så må kommunane saman avgjere kva som er rett registreringskommune. Første året beitelaget søker skal dei sende kopi av vedtektene og kart over beiteområdet til kommunen. 

Søknaden skal gå til kommunen beitelaget er registrert i. Andre fylke kan ha andre satsar for drift av beitelag.

Nyregistrerte lag skal ha minst 5 medlemmer og 300 småfeeiningar. Minstekrav for eksisterande lag er 3 medlemar og 150 småfeeiningar. Ordninga gjeld for sau, geit, hest og storfe. Laget må organisere felles beitebruk på utmark i minimum 6 veker i sommarhalvåret.

I tillegg er det følgjande krav:

  • Laget skal ha eigne reglar og eit styre valt av medlemane i laget.
  • Laget skal vere ope for brukarar som har tilgang til utmarksbeite i eit område der samarbeid kan fremje bruk av beiteområda.
  • Laget skal bruke alle tilskot til laget til å fremje den organiserte beitebruken i området gjennom felles tiltak. Laget skal føre rekneskap. Laget kan ikkje overføre tilskot til medlemane utan dokumenterte utlegg eller utgifter knytt til den organiserte beitebruken.
  • Laget skal organisere effektivt og forsvarleg tilsyn og sanking av eigne og andre sine dyr i laget sitt område, tilpassa lokale forhold. Beiteområdet skal inspiserast minst ein gong kvar veke, slik at unormale tilhøve blir oppdaga og nødvendige tiltak blir sett i verk.
  • Laget skal samarbeide med tilgrensande lag når det kan effektivisere ressursbruk og utnytting av beita. Dette gjeld særleg sanking og ettersanking.
  • Laget skal notere på fastsett skjema opplysningar om gjennomført tilsyn (dato, tilsynsrunde, unormale tilhøve i beiteområdet og tiltak som er sett i verk). Statsforvaltaren og kommunen kan i særlege høve be om å få lagt fram denne dokumentasjonen.

1. 3 Beiting av verdifulle jordbrukslandskap i innmark. Førebels sats: 500 kr per dekar

Det er mogleg å søke tilskotet i desse områda:

  • Suldal kommune:
    • Litlehamar
    • Klungtveit
    • Mokleiv
    • Lali
    • Hamrebø
  • Lysefjorden: Gjeld jordbruksareal øst for Lysefjordbrua
  • Bjerkreim kommune:
    • Dyrskog ved Ørsdalsvatnet

Tilskotet blir gitt til beiting av jordbruksareal (fulldyrka, overflatedyrka og innmarksbeite).

Jordbruksareala må vere i god hevd og godt skjøtta for å kvalifisere for tilskot.

Til toppen

 

2. Ordningar for biologisk mangfald

Jordbruket er viktig for å ta vare på biologisk mangfald. Nokre av dei mest trua artane finn vi i det ugjødsla beitelandskapet. Målet med regionalt miljøtilskot er å legge til rette for frivillig skjøtsel av viktige naturverdiar i Rogaland. Ein særleg posisjon har kystlyngheia. Det er utarbeidd skjøtselsråd under kvart tema. Søkarar må kunne gjere greie for korleis skjøtselen har vore, og skjøtselen må vere i tråd med skjøtselsråda slik at føremålet med ordninga er stetta.

blobid0.jpg

2.1 Slått av slåttemyr eller slåttemark. Førebels sats: 1500 kr per dekar

Slåttemyr og slåttemark er rester etter dei historiske driftsmetodane utan tilgang på kunstgjødsel. Naturtypane er svært sjeldne i Rogaland, og i Noreg. Dei er artsrike og mange trua karplanter er knytt til desse områda. Både slåttemyr og slåttemark treng tilpassa skjøtsel for å kunne bli bevart. Tilskotet utmålast per dekar, og arealet må vere registrert som utvalt naturtype i Naturbase som svært viktig, viktig eller lokalt viktig etter DN- handbok 13 og med minimum moderat kvalitet etter NiN-metodikken for å utløyse tilskot. Areala må bli slått, beiting aleine vil ikkje utløyse tilskot.   

Skjøtselsråd for slåttemark:

  • Ingen bruk av kjemiske plantevernmidlar, mineralgjødsel eller husdyrgjødsel.
  • Slå arealet etter at dei viktigaste blomane har avblomstra, normalt i juli – august.
  • La graset ligge i 2 – 4 dagar etter slått, men fjern det frå slåttearealet etterpå.
  • La området gjerne bli beita om hausten

Skjøtselsråd for slåttemyr:

  • Ingen bruk av kjemiske plantevernmidlar, mineralgjødsel eller husdyrgjødsel.
  • Slå med eitt eller fleire års mellomrom avhengig av veksten. Orkideer toler ikkje intensiv slått, og på orkiderike myrer bør ikkje same område slås kvart år.
  • Slå på seinsommaren slik at plantane får sett frø før dei blir slått, og fjern graset.
  • Bruk lette maskinar slik at det ikkje blir køyreskader.
  • Beiting kan ikkje erstatte slått.

2.2 Beiting av kystlynghei

Kystlyngheia er utvikla i yngre steinalder gjennom at områda blir svidd og tatt i bruk som beite. Endra driftsformer med mindre beite i denne typen landskap, gjorde at dei store samanhengande lyngheiane var i ferd med å forsvinne. I 2015 blei kystlynghei definert som utvald naturtype, noko som betyr at den er av stor nasjonal verdi. Rogaland er det fylket med mest registrert kystlynghei, og det har sidan innføringa av regionalt miljøprogram i 2005 blitt arbeidd systematisk for å stimulere til bruk av desse områda.

Tilskotet blir utbetalt per dekar. Det er den som har beitedyr, og som aktivt skjøttar området som skal søke tilskotet. Kystlyngheia må vere registrert i Naturbase, og det blir gitt ulik sats per dekar etter verdsetting i Naturbase; Svært viktig (A), viktig (B) eller lokalt viktig (C).

Skjøtselsråd for kystlynghei:

  • Ingen bruk av kjemiske plantevernmidlar, kalk, mineralgjødsel eller husdyrgjødsel.
  • Kystlyngheia må beitast og beitetid/beitetrykk må vere tilpassa tilstanden til kystlyngheia.
  • Beiting i skuldersesongane er nødvendig. Berre sommarbeite på etablert lyng vil ikkje vere tilstrekkeleg. Etablert lyng må beitast i minst 8 veker.
  • Rett etter brenning er sommarbeiting viktig. I desse områda må ein vere forsiktig med dyretal og beitetid slik at lyngen får reetablere seg.
  • Kva som er «rett» dyretal per dekar vil variere. Teikn på for høgt beitepress er mykje gras, fråvær av lyng og tråkkskader. Teikn på for lågt beitepress er treoppslag og forgubbing av lyng.
  • Beiting med fleire dyreslag på same område er gunstig.
  • I område utan gjerde mellom innmark og kystlynghei vil dyra veksle mellom innmark og utmark. Her er utfordringa å sikre god nok avbeiting av kystlyngheia. Beitinga i kystlyngheia vil avhenge av fôrtilgang og beitetid. Slikkestein og ulik alder på lyngen vil påverke beitemønsteret til dyra, og ulike dyreraser kan ha ulikt beitemønster. Det er kvaliteten på kystlyngheia som avgjer om slike område kvalifiserer til tilskot.  
  • Brenning er ein del av normal skjøtsel. Områda bør ikkje brennast oftare enn kvart 10. år eller når lyngen om lag 30 – 40 cm høg. I store samanhengande område bør ein søke å brenne avgrensa område om gangen.

Tilskotstak for beiting av kystlynghei er 60 000 kr/føretak.

Førebelse satsar:

 

DN-handbok 13

NiN

tilskotssats

Svært viktig

A

Svært høg kvalitet, 

60 kr per dekar

Viktig

B

Høg kvalitet

40 kr per dekar

Lokalt viktig

C

Moderat kvalitet

10 kr per dekar

2.3 Skjøtsel av biologisk verdifulle areal. Førebels sats: 300 kr per dekar

I Rogaland er tilskot til skjøtsel av biologisk verdifulle areal avgrensa til naturbeitemark, hagemark og vedlikehald av myr ved jordbruksareal.

Naturbeitemark

Naturbeitemark er grasmark som er påverka av lang tids beite. Naturbeitemark skiljast frå meir intensivt utnytta eng ved at dei ikkje er pløgd, tilsådd eller gjødsla utanom det dyra legg ifrå seg. Dei er verdifulle område då dei er artsrike, og viser historisk beitebruk. Engkvein og gulaks og smyle er viktigaste grasslag. Karakteristiske innslag er markfrytle, kystmaure, tiriltunge og blåklokke, sveve-artar. På rikare mark kusymre og vårmarihand. Av raudlisteartar finst solblom og ei rekkje beitemarkssoppar.

Hagemark

Hagemark, ofte kalla hamnehage, er beitemark med tre. Trea kan vere styva. Har du hagemark med styvingstre kan det gis tilskot per dekar for å beite området, og tilskot per tre for å skjøtte styvingstrea.

Tilskotet blir gitt til beiting for å hindre attgroing. Hagemarkene har ofte eit rikt artsmangfald, og er vakre element i kulturlandskapet.

Areala må vere kartfesta i Naturbase for å kvalifisere for tilskot. Naturbeitemark må ha verdi Svært viktig (A) etter DN handbok 13 og svært høg eller høg kvalitet etter NiN. Hagemark må ha verdi svært viktig (A) eller viktig (B) etter DN handbok 13 og minimum moderat kvalitet etter NiN.

Skjøtselsråd for naturbeitemark og hagemark:

  • Ingen bruk av kjemiske plantevernmidlar, mineralgjødsel eller husdyrgjødsel.
  • Områda må ikkje bli for intensivt beita. Det viktigaste er å regulere beitetrykket.
  • Teikn på for hardt beite: beiteskadar på tre, tråkkskadar, snaubeita område med berre gras.
  • Teikn på rett skjøtsel er eit urterikt beite med innslag av beitemarksopp.

Vedlikehald av myr ved jordbruksareal

Det kan gis tilskot til beiting på myr i følgjande kategoriar: Intakt låglandsmyr, Terrengdekkande myr, Rikmyr, Kystmyr, Slåtte og beitemyr. Områda må ha verdiklassifisering A eller B. I tillegg kjem myr som etter NIN-systemet er kartlagt som semi-naturleg myr med kvalitet moderat eller betre. Myrarealet må grense inn mot innmarksareal (fulldyrka jord, overflatedyrka jord eller innmarksbeite). I Temakart-rogaland.no/rmp er det mogleg å sjå kva areal det blir gitt tilskot til.

Skjøtselsråd for myr

  • Ingen bruk av kjemiske plantevernmidlar, mineralgjødsel eller husdyrgjødsel.
  • Ingen sprøyting med plantevernmidlar så framt dette ikkje er ein del av godkjend skjøtsel.
  • Oppslag av busker og tre skal haldast nede.
  • Unngå beiting som fører til for mykje opptrakking.

Det kan ikkje vere gjort inngrep i myra som t.d. grøfter og kanalar.

Tilskotstak for skjøtsel av biologisk verdifulle areal er 50 000 kr/føretak.

2.4 Skjøtsel av styvingstre. Førebels sats: 500 kr per tre ved styving

Frå 2019 blir det berre utbetalt tilskot for det året trea blir styva. Tidlegare var tilskotet årleg. Med styving meines i denne samanheng beskjering av nye skot på etablerte styvingstre. Dei som ønskjer å etablere nye styvingstre vil berre få tilskot dersom desse erstatter eldre styvingstre som dør. Dei nye trea må inngå i eit miljø med eldre styvingstre.

Styvingstre.

Skjøtselsråd for styvingstre:

  • Normal styvingsintervall er 5 – 8 år.
  • Kapp greinene et par cm over førre styvingsspor.
  • Lag eit spor på baksida av greina på førehand slik at ikkje barken blir flerra av under kappinga.
  • Kapp slik at vatnet renn av kappflata.
  • Område med styvingstre kan med fordel beitast.
  • Tenk sikkerheit!

Restaurering av eldre tre og etablering av nye

  • Trea skal kappast over beitehøgda til husdyr, ca. 2 – 2,5 m over bakken.
  • Vær forsiktig ved restaurering av eldre styvingstre. Start med å rydde området og fristill styvingstrea slik at dei får meir lys og mindre konkurranse frå annan vegetasjon. Fordel gjerne fristillinga over 3 – 6 år.
  • Ved fristilling kan konkurrerande tre som lett set rotskot ringbarkast, t.d. or, osp, rogn. Dei vil då døy etter 1–2 år og gi ei meir gradvis fristilling av styvingstrea.
  • I eit område med restaurering av mange styvingstre bør ein la nokre tre stå urørt og heller etablere nye. Dette fordi mange truleg ikkje vil tole restaureringa.
  • Når styvingstrea har tilstrekkeleg lystilgang kan ein gradvis starte med å skjere ned trekrona. T.d. 1/3 av krona med to års mellomrom.
  • Gjer restaureringa på vårvinteren før sevjestiging.
  • Kapp 10 – 20 cm over tidlegare kappstad dersom treet er gamalt med grov bark. Unngå å skade tidlegare kappstad.
  • Fjern dei avkappa greinene.
  • Året etter restaurering er det ofte behov for å rydde ugras og lauvoppslag mellom styvingstrea.

Dei som vil restaurere gamle styvingstre kan ta kontakt med kommunen for å høyre om det er aktuelt med SMIL-midlar til restaurering.

2.4 Soner for pollinerande insekt. Førebels sats: 40 kr per meter

Det blir gitt tilskot til skjøtsel av soner som er viktige for ville pollinatorartar. Det kan anten vere ei sone på/ved eit jordbruksareal som aktivt blir sådd med eigna frøblandingar, eller skjøtsel av etablerte areal som har ein blanding med plantar. Sonene må bestå av fleire artar som til samen gir næring for pollinatorar gjennom vekstsesongen.

Tilskotet blir gitt per meter sone. Bredda på sonen må vere minst to meter. Vegetasjonssone langs vassdrag kvalifiserer ikkje for tilskot.  

Dei areala som er best eigna er relativt tørre område på næringsfattig jord med god kalktilstand. Viktige treartar som blomer tidleg på våren som t.d. selje, er viktige for insekta. Trea må gjerne stå i samanheng med sonene. Tilskotet blir imidlertid berre gitt til areal som blir slått.

 Skjøtselsråd for soner for pollinerande insekt:

  • Ingen bruk av kjemiske plantevernmidlar, mineralgjødsel eller husdyrgjødsel.
  • Slå arealet etter at dei viktigaste blomane har avblomstra, normalt i august. Er sonene tresatt må det nyttast ljå, ryddesag og liknande. På våren veks graset raskare enn blomsterplantane. Etablerte soner kan difor ha godt av at graset blir slått og fjerna tidleg på våren slik at blomsterplantane får betre plass.
  • La plantematerialet ligge i 2 – 4 dagar etter slått, men fjern det frå arealet etterpå.
  • La gjerne området bli beita om hausten.
  • Det er viktig å ta vare på treslag som er gode matkjelder; lind, selje, rogn, hegg m.fl
  • Framande artar med skadepotensiale må fjernast.
  • Dersom det blir brukt frøblandingar må dei innehalde ein variasjon av blomsterartar, helst norske artar. Blir det brukt blandingar med framande artar må dei, etter Artsdatabanken sin oversikt, ikkje innebere større enn « lav risiko».

Tilskotstak for tilskot til pollinerande insekt er 10 000 kr per føretak.

2.5 Tilrettelegging av hekke- og beiteområde for fugl

I 2019 blei det innført eit eige tilskot for å ta vare på vipa. Vipeordninga er ei forsøksordning og vil bli følgt tett opp av forvaltninga.

Tilskotet har fått to hovudmål 1. Legge til rette for vipe og 2. Legge til rette for våtmarksfugl.

Høg tilrettelegging. Vipestriper. Førebels sats: 900 kr per dekar

Vipa treng opne areal med låg vegetasjon i hekketida. Ho hekker tidleg, i april – mai. Vipa legg egg rett på bakken, helst på jordbruksareal. Vipene samarbeider for å oppdage og beskytte seg mot rovdyr og fuglar.

Det blir gitt tilskot til dei som innan 15. oktober 2021 meldte interesse til kommunen eller Statsforvaltaren. Tilskotet blir gitt for å pløye opp ein sone på etablert fulldyrka areal rett ved/inntil eit opent areal som t.d. innmarksbeite, myr, open fastmark o.l. Området må vere opent og ikkje tresatt. Sona må minst vere 2 dekar. Pløyinga skal vere gjort før 20. mars, og arealet må ligge urørt fram til 1. juni. Dette må vere i eit område som i utgangspunktet er attraktivt for hekking av vipe. Dei som vil vere med på ordninga i 2023 må melde interesse til kommunen/Statsforvaltaren før 15. oktober 2022. På den måten kan forvaltninga følge opp og vurdere om ordninga fungerer etter intensjonen.  Melding av interesse er uforpliktande.

Illustrasjon Vipestripe.jpg

Illustrasjon som viser «ei stripe for vipe». Av Erik Steen Larsen.

Det blir maksimalt gitt tilskot til 20 dekar.

 

Låg tilrettelegging, beiting i våtmarksområde som grenser til verneområde. Førebels sats: 500 kr per dekar

Det er ønskjeleg å stimulere til beiting ved dei grunne, fuglerike vatna i Rogaland, som er verna som våtmarksreservat. Det blir derfor gjeve eit tilskot i avgrensa område for ugjødsla beiting med moderat beitetrykk for å syte for rett skjøtsel av viktige våtmarksbiotopar.

Det blir berre gitt tilskot til utvalde område som er kartfesta i www.temakart-rogaland.no/rmp

Skjøtselsråd for våtmarksbeiting:

  • Det skal ikkje gjødslast eller leggjast tilleggsfôr på tilskotsarealet med mindre det er avtalt med verneforvaltninga.
  • Beitedyra skal ha tilgang til strandsona slik at denne ikkje gror til med takrøyr m.m.
  • Beitetrykket må vere så høgt at området ikkje gror igjen, og så lågt at ikkje reir blir øydelagt av tråkk.

Til toppen

 

3. Ordningar for å ta vare på kulturminne og kulturmiljø

I Rogaland finst det i dag om lag 20 000 automatisk freda kulturminne (det vil seie kulturminne eldre enn 1537 e.Kr).  Kulturminna er ein viktig del av kulturarva vår. Gjennom Regionalt miljøprogram blir det gitt tilskot til å skjøtte kulturminne knytt til jordbruksareal, og for at det i drifta av arealet blir tatt ekstra omsyn. Eit kulturminne kan anten få tilskot per dekar eller per stykk, ikkje begge deler. Det blir gitt tilskot per dekar i ordninga Skjøtsel av automatisk freda kulturminne medan det blir tilskot per gravminne i ordninga: skjøtsel av enkeltståande automatisk freda kulturminne. Søkarane må velje kva ordning dei vil søke på. Det er felles tilskotstak for begge ordningane, og skjøtselsråda er dei same.

For å utløyse miljøtilskot må kulturminna ligge på eller rett ved jordbruksareal, og dei må vere synlege. Automatisk freda kulturminne er registrert i Riksantikvaren sin database «Askeladden», og den gir viktig informasjon om kulturminnet.

                 

Automatisk freda kulturminne.

               

3.1 Skjøtsel av automatisk freda kulturminne. Førebels sats: 100 kr per dekar

Tilskotet blir gitt per dekar automatisk freda kulturminne inkludert sikringssone. Det må vere minst 15 dekar med registrerte kulturminne for å kunne søke tilskot. Registreringar på fulldyrka mark som kan haustast på vanleg måte gir ikkje grunnlag for tilskot.  I søknaden skal det i tillegg førast opp kor mange ulike lokalitetar det søkjast tilskot til. Ein lokalitet i databasen Askeladden er eit avgrensa område med eit eller fleire enkeltminne.

3.2 Skjøtsel av enkeltståande automatisk freda kulturminne. Førebels sats: 500 kr per gravminne

Tilskotet blir gitt per enkeltminne som etter kulturminnelova er eit gravminne. Med gravminne meinast automatisk freda gravhaugar, gravrøyser, gravkammer, steinleggingar, kistegraver og  kyrkjegardar. Gravminna kan liggje enkeltvis.

Søkaren må disponere areal der det er minst 3 eller fleire registrerte synlege enkeltminne for å ha rett til tilskot.                                                         

Skjøtselråd for skjøtsel av automatisk freda kulturminne:

  • Det skal vere ein skånsam og aktiv skjøtsel av områda enten gjennom beiting eller ved at trer og buskar fjernast manuelt. Ryddar du bort tre skal røter stå igjen slik at kulturminne ikkje blir skada
  • Store særeigne tre i området kan ein la stå.
  • Det skal ikkje gravast på, eller ved eit kulturminne, og det skal ikkje fjernast masse eller torv frå området.
  • Det skal ikkje køyrast på eller kloss inntil kulturminnet. Dersom det må brukast traktor eller andre tunge reiskap ved t.d. fjerning av hogstavfall skal det skje på vinteren mens det er tele i bakken.

 

3.3 Drift av seter. Førebels sats: 50 000 kr per seter for fire veker, og 70 000 kr for seks veker

Det blir gitt tilskot til drift av enkeltseter med mjølkeproduksjon. På setra må det vere produksjon av ku- eller geitemjølk for eigen foredling eller levert til meieri. Produksjonsperioden må vere minst fire veker per sesong.  Produksjonen skal vere minimum 45 liter kumjølk eller 25 liter geitemjølk per døgn.

Til toppen

4. Friluftsliv

Gåturar gjennom jordbrukslandskapet gir gode opplevingar, og er verdifulle både for folkehelsa og befolkninga si oppleving av jordbruket. Tilskot til turstiar skal stimulere til, og gi betaling for at jordbruksføretak legg til rette for ferdsel på eigedomen. Tilrettelegging er med på å styre ferdsla til dei områda grunneigar ønskjer. Slik tilrettelegging kan vere med på å dempe konfliktar mellom gardbrukarar og turgåarar.

4.1 Vedlikehald av turstiar i jordbrukslandskapet

Det blir gitt tilskot vedlikehald av turstiar som grenser til eller ligg på jordbruksareal. Turstien skal vere godt merka og eventuelt skilta i terrenget. Vegetasjonen skal haldas nede, og turstien skal vere open og tilgjengeleg. Turstien skal vere ein naturleg del av ei rundløype eller turstinettverk.  

Turstien skal vere merka av på eit kart som befolkninga lett har tilgang til. Til dømes: offentleg kjent turkart (M711 eller eit anna turkart) eller på www.ut.no.

Turstiar med høg tilrettelegging er turstiar som ligg innanfor 3 km, målt i luftlinje, frå regulerte bustadfelt eller innanfor friluftsområde definert i regionalplanar som er følgt opp i den einskilde kommuneplan.  

Førebelse satsar:
Høg tilrettelegging: 7 kr per meter
Låg tilrettelegging: 4 kr per meter

Til toppen

 

5. Ordningar for å minske næringsavrenning til vatn

I Rogaland er avrenning frå jordbruk ei av kjeldene til at mange vassdrag ikkje har god nok tilstand jamfør vassforskrifta. Dette gjeld særleg i dei sentrale jordbruksområda på Jæren og på Haugalandet, noko som kjem tydeleg fram i Regional plan for vannregion Rogaland 2016 – 2021. Planen prioriterer vassdrag, og peiker på at frivillige tiltak er viktig for å nå mål om betre vasstilstand. Frå i år, 2022, er areal i Haugaland vannområde og Jæren vannområde definert som prioritert område for regionalt miljøtilskot. 

Regionalt miljøprogram skal legge til rette for frivillige tiltak slik at påverknaden frå jordbruket blir redusert. Det er grovfôrproduksjon på 95 prosent av jordbruksarealet i Rogaland. Utfordringane her er i stor grad knytt til gjødsling og fosfortilstand i jord. Der det er open åker vil erosjon utgjere fare for tap av jord og næringsstoff til vassdrag. På vann-nett.no kan alle sjå vassdraga sin tilstand og påverknadskjelder.

Grasdekt sone i åker.
Grasdekt sone i åker.

5.1 Fangvekstar sådd etter hausting. Førebels sats: 200 kr per dekar

Fangvekstar er vekstar som blir sådd etter hausting av tidlegkulturar av grønsaker, potet eller rotvekstar for å samle opp næringsstoff og redusere jorderosjonen etter at hovudveksten er hausta. Det blir ikkje gitt tilskot til gjenlegg, det vil seie at fangveksten er hovudkultur året etter. 

  • Såtidspunktet må vere så tidleg at fangveksten er godt etablert før november.
  • Det kan maksimalt vere 15 prosent belgvekstar i fangveksten.
  • Fangveksten skal ikkje gjødslast og sprøytast. Unnateke er sprøyting mot floghavre, hønsehirse og svartsøtvier.
  • Fangveksten kan haustast ved slått eller beiting under føresetnad av at dette ikkje fører til vesentleg dårlegare effekt pga. køyreskadar eller betydelege skadar etter hard beiting og tråkk.
  • Arealet skal ikkje jordarbeidast før 15. februar neste år.

5.2 Grasdekt sone i åker. Førebels sats: 30 kr per meter i korn, 50 kr per meter i potet/grønsaker

Det blir gitt tilskot til å etablere og skjøtte grassoner langs vassdrag på teiger med open åker. Sona skal ligge mellom kantsonen og åkerveksten, og minst 6 meter skal vere på fulldyrka areal. Grassona skal vere fleirårig og ikkje gjødslast eller sprøytast, og den skal haustast anten ved slått eller beite.

Bredden på den upløyde kantsona/vegetasjonssona nærmast vassdraget skal vere minst 2 meter. Det er eit krav for produksjonstilskot. Samtidig må søkarar vere merksam på at denne sona er omfatta av vassressurslova.

Søkarar må minimum ha 50 meter grasdekt sone.

5.3 Kantsone i eng. Førebels sats: 7 kr per meter. 10 kr per meter i prioriterte område (areal i Haugaland vannområde og Jæren vannområde)

Det blir tilskot til å halde ugjødsla kantsone i eng langs vassdrag. Sona skal ligge på fulldyrka eller overflatedyrka areal og skal vere minst 4 meter brei. Bredden på den upløyde kantsonen nærmast vassdraget skal vere minst 2 meter. Det er eit krav for produksjonstilskot. Samtidig må søkarar vere merksam på at denne sona er omfatta av vassressurslova. Søkarar må minimum ha 50 meter kantsone.               

Tilskot til grasdekt sone og kantsone i eng kan gis ved alle vassdrag i Jæren vannområde og Haugaland vannområde. I Dalane gitt tilskot til Hellelandsvassdraget og nedre del av Hålandselva. I Ryfylke blir det gitt til: Vostervatnet, Nordlandsvatnet, Hetlandsvatnet, Espedalsvatnet.

5.4 Grasdekte vassvegar og grasstripe i åker. Førebels sats: 30 kr per meter i korn, 50 kr per meter i potet/grønsaker

Det blir gitt tilskot til fleirårig grasdekke i dråg på åkerareal. Grasdekket skal vere minimum 6 meter breitt, og vere godt etablert om hausten. Det blir også gitt tilskot for grasdekke på tvers av fallet i lange hellinger. Grasdekke på tvers av fallretninga skal minimum vere to meter breitt.  

Ved fornying skal jordarbeiding og såing skje mellom 1. mars og 1. juli.   

5.5 Miljøavtale

I nedslagsfeltet til utvalde vassdrag kan jordbruksføretak teikne miljøavtale for å minske tap av næringsstoff til vassdrag. Målet med miljøavtalane er å motivere bøndene til god gjødslingspraksis, til å gjere punkttiltak på eigen gard og til å halde ein grasdekt ugjødsla kantsone langs vassdrag. Miljøavtalane kan maksimalt gå i seks år. Dei første tre åra er definert som trinn 1, medan dei tre neste er definert som trinn 2.

Søkarane om tilskot må oppfylle alle elementa i miljøavtalen, og avtalen gjeld all fulldyrka og overflatedyrka areal som søkaren har i det aktuelle nedslagsfeltet. Underteikna avtale gir landbruksforvaltninga rett til å innhente og samanstille opplysningar om jorda sin fosforstatus. 

Trinn 1:

Følgjande vassdrag er i trinn 1:

  • Skjoldafjorden (2020 – 2022)
  • Orrevassdraget, vest for Bryne (2022 – 2024)

Trinn 2:

Følgjande vassdrag er i trinn 2:

  • Håelva utanom Tverråna (2022 – 2024)

Førebelse satsar:
Trinn 1: 100 kr per dekar
Trinn 2: 90 kr per dekar

 

Til toppen

 

6. Ordningar for å minske utslepp til luft

Rogaland har med sin store husdyrproduksjon store mengder med husdyrgjødsel til disposisjon. Det aller meste av husdyrgjødsla blir nytta lokalt og spreidd på jordbruksjorda i løpet av vekstsesongen. Tap av nitrogen til luft skjer både gjennom lagring og bruk av husdyrgjødsla. Gjennom å nytte spreieutstyr som anten legg gjødsla direkte på bakken eller skyt den ned i jorda kan tapa reduserast. I tillegg vil vasstilsetting av gjødsla betre infiltrasjonen slik at faren for overflateavrenning blir mindre.  

Om lag 85 prosent av fosforet som blir tilført jordbruksareala i Rogaland kjem frå husdyrgjødsla. I Rogaland er miljøvenleg gjødselspreiing òg eit viktig tiltak for å minske næringstap til vassdrag. Av omsyn til økonomisk ramme er tilskota til miljøvenleg gjødselspreiing avgrensa til område med utfordringar med vasskvaliteten.

Miljøvenleg gjødselspreiing
Foto: Statsforvaltaren i Rogaland.

6.1 Spreiing av husdyrgjødsel ved nedfelling eller nedlegging. Førebels sats: 80 kr per dekar

Det blir gitt tilskot til spreiing av husdyrgjødsel ved nedfelling eller nedlegging. Den som søker tilskot skal ha årleg gjødslingsplan og skiftenoteringar som viser spreiedato og mengd gjødsel spreidd per dekar. All bruk av gjødsel skal kome fram av gjødslingsplanen.

Siste spreiedato på areal det er søkt tilskot til er 10. august. Arealet skal haustast eller beitast etter siste spreiing. 

All bruk av husdyrgjødsel på areal det blir søkt tilskot til skal vere spreidd med miljøvenleg metode. Tilskotet blir gitt til fulldyrka og overfaltedyrka areal som ligg i Rogland.

6.2 Spreiing av husdyrgjødsel med tilføringsslange. Førebels sats: 50 kr per dekar

Det blir gitt ekstra tilskot til dei som bruker tilføringsslange ved nedlegging eller nedfelling av husdyrgjødsel.   

 

7. Klimarådgiving. Førebels sats: 8000 kr for to til ein- rådgiving

I 2021 blei det er innført tilskot til klimarådgiving på gardsbruk i Rogaland. Føretaka kan søke om tilskot i etterkant av utført rådgiving. Saman med søknaden skal dei legge ved kopi av tiltaksplanen.Kommunane kan ved kontroll be om å få sjå kvittering for utført klimaråd. Dei som tilbyr klimaråd skal vere godkjend av Landbruksdirektoratet. Så langt er det NLR Rogaland og TINE som tilbyr klimaråd i Rogaland. Klimarådgiving skal innehalde to tema:

  1. Gjennomgang av utslepp og opptak av klimagassar på driftseininga med sikte på å gjennomføre tiltak.
  2. Vurdering av behov for klimatilpassing

NLR og TINE bruker klimakalkulatoren for å vurdere potensialet for klimagassreduksjon på gardsbruket. På heimesida klimasmartlandbruk.no er det informasjon om klimakalkulatoren. Så langt er klimakalkulatoren utvikla for produksjonane; mjølk, korn og gris. Dei andre produksjonane vil følge fortløpande. 

Klimatilpassing handlar om å kunne møte endringar i klima i gardsdrifta. Det er venta større svingingar i både temperatur og nedbør, og fleire episodar med store nedbørsmengder på kort tid. Handtering av overflatevatn, behov for drenering, avbøtande tiltak som sedimentasjonsdammar, fangdammar, naturbaserte reinseløysningar, vatningsanlegg ved tørke o.l. er aktuelle element i rådgivinga. Rådgivarane skal bruke malen som er utarbeida i fellesskap med Landbruksdirektoratet, og klimarådgivinga skal lede ut i ein tiltaksplan tilpassa den einskilde driftseininga.   

Jordbruksoppgjeret 2022 fastsette tilskotssatsane til klimarådgiving: 

  • 8000 kr i tilskot til individuell rådgiving, to til ein (rådgivar både frå TINE og NLR).
  • 6000 kr i tilskot til individuell rådgiving, ein til ein. 
  • 2000 kr i tilskot til grupperådgiving. 

Til toppen

                                                                                         

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.