Tilskot til biokol blir ein del av Regionalt miljøprogram

Treflis lagret i silo til bruk for oppvarming av grisefjøs i Vindafjord.
Trevirke kan nyttast til produksjon av biokol. Foto: Birgit S. Hagalid.

Heilt nytt frå og med 2023 er at jordbruksføretak i Rogaland kan søkje tilskot til å bruke biokol i open åker. Biokol kan auke karboninnhaldet i jord og gi betre vasslagringsevne. Førebels tilskotssats blir 15 kr per kg. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.04.2023

Biokolet kan spreiast saman med husdyrgjødsla eller aleine, men må moldast ned i bakken etter spreiing. Det betyr at det er mest aktuelt i åkerproduksjonar som korn, grønsaker og potet , men det kan også nyttast i samband med fornying av eng. 

Krav til dokumentasjon og produktkvalitet

Biokol er eit jordforbetringsprodukt som blir omfatta av kvalitetskrav i forskrift om organisk gjødsel. Innkjøpt biokol må halde krava for EBC (European Biochar Certificate), og produksjonsstad, produksjonsmetode og opphavsmateriale skal vere dokumentert. Eigenprodusert biokol må vere laga på reint skogsvirke eller plantemateriale frå garden. Den som søkjer tilskot må kunne legge fram dokumentasjon på kva type produkt som er kjøpt. 

Søknad om tilskot

Tilskot til bruk av biokol er ein del av regionalt miljøtilskot som har søknadsfrist 15. oktober. Når føretaket søkjer tilskot skal dei kartfeste kvar biokolet er brukt. Tilskotet blir utmålt per kg biokol med minimum 75 prosent tørrstoffinnhald, og førebels tilskotssats i 2023 blir 15 kr/kg. Dersom det blir brukt biokol med lågare tørrstoffprosent skal det korrigerast for det i søknaden. Blandingsprodukt mellom gjødsel og biokol gir grunnlag for tilskot, men utmålinga skjer på grunnlag av biokolet. Det blir maksimalt gitt tilskot til 1000 kg spreidd biokol per føretak. 

Informasjon om biokol

Er du nysgjerrig på kva biokol er, og kva nytte det kan ha i jordbruket? På heimesida til Nibio finn de aktuell informasjon, sjå: https://nibio.no/tema/jord/organisk-avfall-som-gjodsel/biokull. 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.