Nye miljøavtalar i RMP 2026 – tiltak for å forbetre vassmiljø i open åkerproduksjon

Jordarbeid for å klargjera for vekstsesongen

For søknadsomgangen 2026 vil det tre i kraft nye miljøavtaler i Rogaland. Det vil vere to ulike miljøavtalar som arbeid med ulike miljøutfordringar innan jordbruket. Den eine miljøavtalen vil arbeide med å forbetre vassmiljøet i nærleik av open åkerproduksjon, og den andre miljøavtalen arbeide med klimagassreduksjon og klimatilpassing.

Her kjem ein føresmak på korleis miljøavtalen for vassmiljø vil bli sjåande ut.

Publisert 21.08.2025

Trinn 1 - Open åker produksjon og vassmiljø

Formål

Miljøavtalen består av en kombinasjon av miljøtiltak som saman skal minske utfordringane som er knyttet til open åkerproduksjon og vassmiljø. Tiltaka skal være med på å holde på jorda ved å hindre erosjon, og redusere avrenning av næringsstoff og partiklar.

Gjelder for:

Miljøavtalen gjelder for korn, potet- og grønsakprodusentar, og gjelder alt av areal som søker disponere for korn, potet- eller grønsaker. Alle vilkår skal være gjennomført på alt av arealet som det søkjast tilskot på.

Vilkår:

Føretaket må oppfylle generelle vilkår for regionalt miljøtilskot i Rogaland.

For å kunne utløyse tilskotet skal søkjar:

  • Melde i frå til kommune om interesse i avtale innan 1. februar det året det søkjast på tilskot
  • Utføre ingen jordarbeid før 15.februar neste vekstsesong
  • Sprei all husdyrgjødsel innan 10. august
  • Fylle ut internkontroll (vedlegg til søknad)
  • Gjødsel med prinsippet delt gjødsling 
  • Føretaket skal ha ein godkjend gjødslingsplan og føre gjødslingsjournal som viser gjødslingsdato, spreiemengde per dekar, spreiemetode og gjødseltype. Journalen skal følge same skifteinndeling som gjødslingsplanen. Føretaket skal føre journal over plantevernmidlar(vedlegg til søknad). 

Minst eit av disse tiltaka i samsvar med vilkåra satt i Regionalt miljøprogram for tiltaka

  • Grasdekt kantsone i åker
  • Grasdekte vannveier og grasstripe i åker
  • Fangvekst

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.