Frå 15. september kan du søkje regionalt miljøtilskot for 2023!

Tilskot til vedlikehald av turstiar i jordbrukslandskapet er ei av mange ordningar i regionalt miljøprogram.

Har du bratt jordbruksareal, driv skjøtsel av kystlynghei, vedlikehald av turstiar i jordbrukslandskapet, eller har du spreidd husdyrgjødsla med miljøvenleg spreieteknikk? Då kan du søkje regionalt miljøtilskot. Hugs søknadsfristen 15. oktober!

Publisert 13.09.2023

Søk tilskot!

Frå 15. september kan du levere søknad om regionalt miljøtilskot for dei miljøtiltaka du har gjort i 2023. I denne nettartikkelen finn du tilskotsordningar for RMP 2023. Søknadsfristen er 15. oktober. For seint leverte søknadar blir trekt 1000 kr per dag etter 15. oktober. Søknader levert etter 29. oktober vil bli avvist. Det er mogleg å gjere endringar i søknaden fram til 29. oktober utan at det gir trekk i tilskot.

Lever helst søknaden elektronisk

Du søkjer elektronisk via Altinn eller på papir til din kommune. Vi oppmodar alle å søkje elektronisk. Her finn du informasjon om søknadsprosessen og ein rettleiing til korleis du kan søkje elektronisk. Hugs å sjekke kvitteringa for innlevert søknad og ta vare på denne. Då kan du kontrollere at du har fått med alle opplysningar i søknaden, og eventuelt endre søknaden.

Tiltaka skal teiknast inn i kart

I søknaden skal det vere med eit kart som viser kvar tiltaka er gjort. Ved elektronisk søknad startar søknadsprosessen med å teikne i elektronisk kart som seinare i søknadsprosessen blir overført til søknaden. Dei som søker på papir må levere både søknadsskjema og kart som viser kvar tiltaka er gjort. Kommunen vil deretter teikne inn tiltaka i saksbehandlarsystemet.

Einskilde tilskotsordningar gjeld berre i definerte område og for definerte naturverdiar. På kartkortalen www.temakart-Rogaland.no/rmp  kan du finne nyttig informasjon om dei geiografiske avgrensingane. 

Viktig å sette seg inn i vilkåra for tilskot

Som søkjar er det viktig at du sett deg inn i vilkåra for miljøtilskot frå regionalt miljøprogram, og at du gir korrekte opplysningar i søknaden. Ved feilopplysningar i søknaden kan tilskotet bli avkorta.

Ta kontakt med landbrukskontoret i din kommune dersom du har spørsmål til søknaden.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.
FNs berekraftsmål 15 livet på land: Verne, tilbakeføre og fremje berekraftig bruk av økosystem, sikre berekraftig skogforvaltning, motverke ørkenspreiing, stanse og reversere landforringing og stanse tap av artsmangfald
FNs berekraftsmål 13 Stoppe klimaendringene: Handle omgåande for å motarbeide klimaendringane og konsekvensane av dei (Basert på ei erkjenning av at FNs rammekonvensjon om klimaendring er det viktigaste internasjonale og mellomstatlege forumet for forhandlingar om globale tiltak mot klimaendringar.)
FNs berekraftsmål 6 Rent vann og gode sanitærforhold:Sikre bærekraftig vannforvaltning, tilgang til vann og gode sanitærforhold for alle