Tilskot til å ta vare på kystlyngheia og anna trua natur

Fristen for å søkje om midlar frå Direktoratet for naturforvaltning for å ta vare på kystlynghei og 7 andre trua naturtypar er 15. januar. Både privatpersonar, lag, organisasjonar og kommunar kan søkje.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.01.2014

Kystlynghei har vore eit dominerande innslag i kulturlandskapet i Rogaland i fleire tusen år. Det er framleis meir registrert verdifull kystlynghei att i Rogaland enn i noko anna fylke. Det har lenge vore råd å få tilskot innan landbruket til skjøtsel for å ta vare på desse. Det har nå kome ein ny tilskotsordning for trua naturtypar der du kan søka om tilskot frå Miljødirektoratet. 

I 2013 fekk søkarar i Rogaland om lag 1,5 millionar i tilskot knytt til skjøtsel av kystlynghei. Fylkesmannen vil gjennom denne tilskotsordningen stimulera sterkare til bruk og rett skjøtsel av fire større kystlyngheiområde:

Dette vil me oppnå med å tilby opp til kr 100,- pr dekar i året for rett skjøtsel i samsvar med skjøtselsplan i desse områda, - dette vil i hovudsak vere moderat beiting utan gjødsling. Det kan og søkast om tilskot til andre kystlyngheiområde registrerte i naturbasen.

Det er og høve til å søkje om tilskot for å ta vare på 7 andre trua naturtypar, mellom andre slåttemark, haustingsskog og hole eiker.

Det er på sikt eit mål å samordna dette så langt råd med tilskotsordningane i landbruket. 

Søknader vil og bli sett i samanheng med handlingsplanar for artar og den tilsvarande tilskotsordninga for prioriterte/trua artar når det høver, - aktuelle artar er hubro, jærtistel og klokkesøte.

Du kan søkje:

Søknadsfristen er 15. januar 2013.

Har du spørsmål om ordningane kan du kontakta seniorrådgjevar Audun Steinnes, telefon 51568912, mobil 92807901 eller e-post fmrosas@fylkesmannen.no.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.