RMP tilskot blir utbetalt 25. februar

Tilskot frå Regionalt miljøprogram, RMP vil bli utbetalt 25. februar. I Altinn finn du tilskotsbrevet som viser tilskotsbeløp, godkjende tiltak, og endelege tilskotssatsar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.02.2015

Har du søkt elektronisk vil tilskotsbrevet vere tilgjengelig i Altinn i "Min meldingsboks". Du vil motta eit SMS- varsel frå Landbruksdirektoratet som påminning. Klagefristen er tre veker frå tilskotsbrevet kjem i Altinn. Det er greit å ta ein sjekk om alt er på plass.

Dei som har søkt på papir vil motta tilskotsbrevet i posten. Har du spørsmål om utbetalinga av tilskotet, kan du ta kontakt med landbruksforvaltninga i din kommune. Eventuelle klagar skal sendast til kommunen. Tek kommunen ikkje klagen til følgje vil den bli sendt til Fylkesmannen for endeleg behandling.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar