Feilmeldingar i Regionalt miljøprogram

Her finn kommunal landbruksforvaltning informasjon om feilmeldingar i Regionalt miljøprogram, RMP

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.11.2013

I sakshandsamarsystemet for regionalt miljøprogram, eStil, skjer det automatisk kontroll mot søknadsdata i produksjonstilskot. Viss kontrollen slår ut vil det kome fram ein advarsel i eStil. Advarselen må handsamast av kommunen for at søknaden skal kunne bli godkjend. Ordningar der det ligg advarslar vil ikkje bli med i berekninga av tilskot. Kommunen kan:

1) Ignorere advarselen ved å skrive ein kommentar
2) Endre søknadsdata slik at kontrollen mot produksjonstilskot ikkje slår ut

Når advarselen er ignorert ved ein kommentar vil ikkje seinare kontrollar mot produksjonstilskot slå ut på nytt.  

Det er dessverre nokon av dei innebygde kontrollane som er feil i høve til RMP i Rogaland:

Skjøtsel av bratt areal
Innmarksbeite, kode 212, er ikke med i kontrollen mot produksjonstilskot. Det vil seie at viss ein søkjar har meir bratt innmarksbeite enn kva han har av fulldyrka eller overflatedyrka areal vil kontrollen slå ut, og de får opp ein advarsel. Advarselen må då ignorerast med ein kommentar.

SLF ønskjer ikkje å endre denne kontrollen då dei fleste fylka berre gir tilskot til bratt fulldyrka og overflatedyrka areal.  

Ugjødsla randsone i eng 
Her er det ein feil i eStil som gjer at tal meter randsone blir sjekket mot tal dekar omsøkt fulldyrka og overflatedyrka areal i produksjonstilskot. Advarselen må ignorerast med ein kommentar.

Nedlegging eller nedfelling (miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel)
I kontrollen mot produksjonstilskot er innmarksbeite feilaktig inkludert i arealgrunnlaget. Det vil seie at kontrollen ikkje nødvendigvis vil slå ut viss føretak søkjer på meir areal i RMP enn dei søkjer på i produksjonstilskot (fulldyrka + overflatedyrka).    

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar