Årsrapport SMIL/drenering 2014 og satsing i 2015

Tilskot til spesielle tiltak i jordbrukets kulturlandskap (SMIL) er øyremerka aktive bønder som gjer ein ekstra innsats for å ivareta miljøverdiane i eit kulturlandskap. Tilskot til drenering skal halde jorda i hevd for å sikre jamn auke i matproduksjonen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.03.2015

Miljøverdiane i eit kulturlandskap og vilje til vedlikehald av desse verdiane, skal vere utløysande for å få løyvd tilskot. Oppslutninga kring SMIL-ordninga i 2014 er den høgaste nokosinne. 233 søkjarar fekk løyvd til saman 16,47 millionar, mot 12,33 millionar i 2013. Den høge aktiviteten skuldast i hovudsak ein del større tiltak og mykje aktivitet på restaurering av bygningar. Det har vore mest aktivitet på kulturlandskap medan aktiviteten på ureining var lågare enn ønska og forventa.  

I 2015 fekk Rogaland 8 millionar i SMIL (24 % reduksjon frå 2014) og «ny» SMIL-forskrift tredde i kraft. Landbruket har mange utfordringar innan vassforskrifta og i samband med ivaretaking av biologisk mangfald som framover.  

Dreneringstilskot

Tilskot til drenering av tidlegare drenert fulldyrka areal skal halde jorda i hevd for å sikre jamn auke i matproduksjonen. Sjølv om behovet for drenering er stort i Rogaland, blei ikkje tilgjengeleg dreneringstilskot i 2014 brukt opp. 177 søkjarar fekk løyvd 2,93 millionar til drenering av 2 470 daa fulldyrka areal og 27 630 m avskjæringsgrøfter og grøfter til punktdrenering. 3,93 millionar blei overført til 2015.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.