Hugs bandtvang frå 1. April

Hannhund i band, Foto: Hedda Charlotte Haugland

1. April er passert og det betyr ordinær bandtvang!

Publisert 09.04.2024

I Noreg er det ordinær bandtvang frå 1. April til 20. August med omsyn til vilt og husdyr.

Kvar kommune har en eigen lokal forskrift om hundehald, der det står om eventuelt utvida bandtvang og områder med bandtvang heile året, samt info om områder kor ein kan sleppe hunden fritt. 

Sjekk med din kommune og kommunen du skal på tur i for å sjå kva som gjeld for deg. 

Men som god hugseregle frå no av: Ta med band og hugs pose!

God tur!

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.