Kan vi stole på dagens tal for nedbygging av jord?

Bynært landbruk ved Ytre Tasta i Stavanger
Bynært landbruk ved Ytre Tasta i Stavanger Foto: Anfinn Rosnes.

I følgje eit nytt notat frå SSB kan det sjå ut som det er bygd ned dobbelt så mykje jordbruksjord enn det som kjem fram av rapporteringssystemet kommunane har brukt fram til i dag. Noko av forklaringa ligg i at dei i notatet også har rekna med nedbygging innan landbruket, som i 2016 utgjorde heile 27 % av nedbygginga på nasjonalt nivå.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.02.2021

Målet med notatet frå SSB er å finne fram til ein enkel og meir treffsikker metode for utrekning av årleg nedbygging av jordbruksareal, for å få tal som ligg tettast mogleg opp mot faktisk nedbygging.

Årleg nedbygging større enn dagens rapportering tilseier

Notatet frå SSB har teke utgangspunkt i åra 2016 til 2019, og for denne perioden kan det sjå ut som at faktisk nedbygging av jord er opp mot dobbelt så stor som dei tala som kjem frå det kommunane rapporterer om godkjende planar. Vi ser også av oversikten at om lag 80 % av omdisponert areal er fulldyrka jord. For Rogaland kan det sjå ut til at avviket er større enn på landsplan.

Det er viktig å gjere merksam på at landbruket si eiga nedbygging ikkje blir rekna med i dagens system, men dette forklarer berre ein liten del av avviket. Det er også kjend at det har vore døme på feilrapportering i Rogaland, men vår vurdering er at dette ikkje er av stort omfang. Det er også truleg at avviket frå dagens system med registrering av godkjende planar og eventuelt nytt system ville vore mindre om vi målte dette over lenger tid, noko som kom fram av rapport frå SSB i juni 2017.

Behov for eit betre rapporteringssystem

Det er frå fleire hald etterlyst eit betre system for rapportering av nedbygd jordbruksjord, mellom anna kjem dette fram av vedtaket i Rogaland fylkesting i samband med godkjenning av Regional jordvernstrategi. SSB sitt døme på nytt systemet bygg på av vi brukar bygningsinformasjon frå matrikkelen, og koplar bygningsomriss saman med arealbruksklasse (AR5). Her er nok også litt feilkjelder, mellom anna etterslep på registrering. Men dette gir samstundes klart betre fakta om det enkelte år. På denne måten blir også nye bygg i landbruket fanga opp, og vi får stadfesta at landbruket sjølv bygg ned for mykje god jord.

I notatet blir det rådd til å vente noko før ein tek i bruk den nye metoden, men det er ikkje lenge før teknologien er på plass. Statsforvaltaren ser fram til at det nye systemet blir teke i bruk.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.