Organisert beitebruk – søk tilskot innan 15. november

Sauesanking på Haukeli. Foto: Hanne Elin Herrebrøden

Organisert beitebruk gir betre dyrevelferd og effektiv ressursbruk i utmarka. Beitelag i Rogaland kan no søkje om tilskot til felles tiltak som tilsyn og sanking. 

Publisert 16.10.2025

Beiting i fjellet og utmark blir enklare og meir effektivt når det skjer i regi av beitelag. No kan beitelaga i Rogaland søkje om regionalt miljøtilskot (RMP) til drift og organisering av beitebruk. Tilskotet skal gå til felles oppgåver som tilsyn, sanking og andre tiltak som styrkjer dyrevelferd og ressursutnytting.

Søknadsfrist: 15. november 2024

Kven kan søkje?

Det er beitelagsleiaren eller ein annan ansvarleg i laget som skal sende søknaden elektronisk via Altinn. I søknaden skal det førast opp tal på dyr som er sleppt til heis og sanka heim for alle medlemmane. Tilskotet blir rekna ut frå tal slepte dyr. Søknaden skal normalt sendast til kommunen der hovuddelen av beitinga skjer.

Vilkår for tilskotet

Tilskotet skal brukast til å fremje organisert beitebruk gjennom fellestiltak. Det kan ikkje fordelast direkte til medlemmane som eit ekstra beitetilskot, og same dyr kan ikkje få tilskot frå to fylke.

Minstekrav til beitelag:

  • Nyregistrerte lag: minst 5 medlemar og 300 småfeeiningar
  • Eksisterande lag: minst 3 medlemar og 150 småfeeiningar
  • Felles beitebruk i utmark i minst 6 veker i sommarhalvåret

Laget må i tillegg:

  • Ha eigne reglar og eit styre valt av medlemane
  • Vere ope for brukarar med tilgang til utmarksbeite i området
  • Bruke tilskotet til fellestiltak og føre rekneskap
  • Organisere effektivt og forsvarleg tilsyn og sanking, tilpassa lokale forhold
  • Inspisere beiteområdet minst ein gong per veke
  • Samarbeide med tilgrensande lag ved behov
  • Dokumentere tilsyn og tiltak på fastsett skjema

Statsforvaltaren og kommunen kan be om dokumentasjon ved behov.

Godkjenning og utbetaling

Kommunane behandlar søknadane, og godkjende søknadar blir utbetalt i mars 2026. Tilskotssatsane blir fastsett i januar av Statsforvaltaren i samråd med faglaga, basert på søknadsomfang og økonomisk ramme.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.