Newcastlesjuka: Slaktekyllingbesetning i Time blir avliva etter mistanke som sjukdom

I helga blei den alvorlege fjørfesjukdommen Newcastlesjuke (Newcastle disease) påvist i ei verpehøns-besetning i Klepp kommune. I dag blir ei besetning slaktekylling i Time avliva etter mistanke om smitte.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.09.2022, Sist endra 29.09.2022

Oppdatert 29. september: 

Det er i ettertid stadfesta av Mattilsynet at det ikkje er påvist smitte på bruket med slaktekylling i Time. Mattilsynet testar nå fjørfebesetningar i næraste sona ved bruket i Klepp som fekk påvist sjukdommen. 

-----

For å hindra vidare smittespreiing av den alvorlege fuglesjukdommen Newcastlesjuke, blir endå ei fjørfebesetning avliva. Besetninga har rundt 14 000 dyr og ligg på Kverneland i Time kommune, knapt 10 kilometer frå garden der sjukdommen blei påvist i helga.

Avlivar for å hindra spreiing

Svara på prøvene som blei tatt i slaktekyllingbesetninga gir ikkje eit eintydig svar, men ein kan ikkje utelukka Newcastlesjuke. I lys av den situasjonen me står i nå, meiner Mattilsynet at det ikkje er forsvarleg å ikkje avliva dyra.

Mattilsynet tar nye prøver i besetninga i dag. Desse skal sendast til analyse hos Veterinærinstituttet for endeleg svar.

Risiko for smitte til menneske er svært låg, og det er trygt å eta egg og fjørfekjøtt. 

Statsforvaltaren si rolle

Statsforvaltaren har ansvar for erstatningsordninga knytt til offentlege pålegg, der det nå er opplyst om nye satsar. Me har elles ei rolle knytt til beredskap og handtering av avfall.

Meir informasjon

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.