Viktig informasjon til svineprodusentar

Diande grisungar. Foto: Bjørn Ståle Bekkeheien

Mattilsynet prioriterar tilsyn av svineprodusentar i 2025. Det er difor på tide å gjennomgå eigne rutinar for vatn, strø og rotemateriale.

 

Publisert 19.05.2025

Mattilsynet har annonsert at smittevern og dyrevelferd i svineproduksjon er ei av hovudprioriteringane for tilsyn i 2025. Dette inneber at det vil bli gjennomført oppfølgingstilsyn for å vurdera forbetringar etter tidlegare avvik frå tilsynskampanjen 2021- 2022.  

Flest avvik på bruk av strø og rotemateriale

Under kampanjen blei det avdekka fleire avvik knytt til vassforsyning, bruk av strø og rotemateriale. Arbeidsgruppa for godt svinehald i Rogaland har difor sendt ut informasjonsskriv til alle svineprodusentar i Rogaland med ei påminning om å gjennomgå eigne rutinar i fjøset. Dei blir samstundes påminna om å gjennomføra obligatorisk dyrevelferdskurs.

Nytt obligatorisk dyrevelferdskurs

Animalia har utarbeidd eit nytt obligatorisk kurs - haldning og handling, for alle som driv med svin. Ein del av kurset gjeld praktiske råd og tips til blant anna forsyning av vatn og bruk av strø - og rotemateriale.

Kurset skal vera gjennomført før 1. juni 2025.

Svinenæringa i Rogland held trykk på god dyrevelferd

Arbeidsgruppa for godt svinehald i Rogaland består av representantar frå Norsvin Sør-Vest, Forum Gris, Rogaland Veterinærforeining, Fatland, Prima Slakt, Nortura, Veterinærinstituttet, Mattilsynet og Statsforvaltaren.  Arbeidsgruppa har tidlegare sendt ut informasjonsplakatar for behandling av sjuke og skadde dyr, og forbod om fiksering. I desse dagar får svinebønder no ei viktig påminning om å gjennomgå rutinane sine for tildeling av vatn og bruk av strø - og rotemateriale . 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.