Statsforvaltaren i Rogaland
English Norsk (bokmål) Davvisámegiella Åarjelsaemiengiele
  • Statsforvaltaren i
    Statsforvaltaren.no
    Agder
    Innlandet
    Møre og Romsdal
    Nordland
    Rogaland
    Troms og Finnmark
    Trøndelag
    Vestfold og Telemark
    Vestland
    Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus
  • Postjournal
  • Presserom
  • Tilsette
  • Om oss
    Om oss
    Kontakt oss
    Oppgåver og ansvar
    Historikk
    Tilsette
    Organisasjonskart
    Avdelingar
    Presserom
    Postjournal
    Språk i regionale statsetatar i Rogaland
    Statsforvaltaren og fylkeskommunen
    Personvernerklæring
    Strategisk satsingsområde: Beredskap
    Jobb hos oss?
  • Kontakt oss
  • Jobb hos oss?
  1. Rogaland
  2. Helse, omsorg og sosialtenester
  3. Nytt om helse og omsorg

Nytt om helse og omsorg

Forskjellane i levekår aukar visar ny rapport frå Nav

Noreg er eit av landa med minst ulikskap i verda, men sidan 2009 har inntektsforskjellane blitt større. Ei årsak er auka kapitalinntekter til dei som ligg høgast på inntektsstigen og liten vekst for dei som ligg nedst. Ei anna årsak er auka innvandring, som har ført til fleire med låginntekt, ifølgje den ferske NAV-rapporten.

13.11.2018

Rusreformsutvalet inviterer til høyringsmøte i Stavanger onsdag 9. januar 2019

Regjeringa har oppnevnt eit utval for å utgreie og foreslå ein modell for korleis myndigheitene sin reaksjon på bruk og oppbevaring av narkotika til eige bruk skal flyttast frå justissektoren til helsesektoren.

09.11.2018

Nasjonal tilskotsordning for inkludering av barn i låginnteksfamiliar (tidlegare «Nasjonal tilskuddsordning mot barnefattigdom») 2019

Målet med Nasjonal tilskotsordning for inkludering av barn i låginntektsfamiliar er å motverke og/eller dempe konsekvensane av fattigdom blant barn og ungdom. Tilskotsordninga skal vere eit verkemiddel for å betre moglegheitene for at fleire barn og ungdom skal få delta på viktige sosiale arenaer, som ferie- og fritidsaktivitetar, uavhengig av foreldra si inntekt og sosial situasjon.

06.11.2018

Rettleiar om pårørandeinvolvering og støtte

Mange pårørande har store ansvars- og omsorgsoppgåver og dei utgjer ein
sentral del av samfunnet sin totale omsorgsressurs. Rettleiaren handlar
om rettar til pårørande og plikter til helse- og omsorgstenesta. Den har
lenker til nyttige verktøy, metodar og publikasjonar.    

31.10.2018

Tilskotskonferansen 2019

Har du ansvar for eller jobbar du med helse-, sosial- eller barnevernstenester i kommunen? På Tilskotskonferansen 2019 blir du oppdatert på nasjonale mål og prioriteringar – og kva verkemiddel kommunane har til rådvelde for neste år.

30.10.2018

Jodtablettar ved atomhendingar

Jodtablettar kan gi vern mot kreftsjukdom etter radioaktiv ureining ved ei atomulykke. Dette gjeld særskild for gravide, ammande, barn og unge. Direktorat for strålevern atomtryggleik (DSA) og Helsedirektoratet rår disse gruppene til å ha jodtablettar i heimen. I spesielle tilfelle kan også alle under 40 år bli tilrådde å ta jodtablettar. Du kan kjøpe tablettane reseptfritt på apoteket.

30.10.2018

Med mål om likeverdig tilbod – pakkeforløp for psykisk helse og rus

Pakkeforløp er standardiserte pasientforløp. Helsedirektoratet har no lansert tre pakkeforløp innan rus og psykiatri. Målet med pakkeforløpa er å sørge for at pasientane får behandlingsforløp med betre samhandling, klare ansvarsforhold og gode overgangar mellom ulike tenester.

25.09.2018

Pasientar får meir medhald i klager på vedtak om tvangsmedisinering i psykiatrien etter lovendring

Frå 1. september 2017 blei reglane om tvang endra. Formålet er mindre og riktig bruk av tvang. Pasientar med alvorlege sinnslidingar, som sjølv kan ta stilling til helsehjelpa, kan no nekte helsehjelp dersom dette ikkje fører med seg nærliggande alvorleg fare for eige liv eller for livet eller helsa til andre.

03.09.2018

Ansvar for å fatte vedtak etter sosialtenestelova

Fylkesmannen har gjennom kontakt med NAV-kontora blitt gjort kjend med at fleire kommunar har organisert seg slik at andre einingar i kommunen enn NAV-kontoret fattar vedtak etter sosialtenestelova. Dette gjeld i hovudsak flyktningtenesta. I samband med
dette viser Fylkesmannen til at det er avgrensingar i lov knytt til kven som har mynde til å fatte vedtak etter sosialtenestelova.

24.08.2018

Nye livsopphaldsatsar ved gjeldsordning og utleggstrekk frå 1. juli 2018

Satsane for livsopphald per månad for gjeldsordning og utleggstrekk frå 1. juli er:

  • 8 658 kroner for einsleg skuldnar
  • 7 330 kroner for skuldnar som er gift eller sambuar
  • 14 661 for skuldnar som forsørgjer ektefelle eller sambuar

31.07.2018

Meldeplikta til barnevernet har blitt meir tydeleg

For å få fleire til å melde til barnevernet når barn og unge kan vere utsett for alvorleg omsorgssvikt har plikta til å melde til barnevernet blitt klargjort i ei rekke lover.

27.07.2018

Betre lindrande behandling til personar med demens

Eit nytt e-læringsprogram skal gjere sjukepleiarar og helsefagarbeidarar betre rusta til å gi personar med demens gode tenester i siste fase av livet.

05.06.2018

  • Forrige
  • 15
  • 16
  • 17
  • 18
  • 19
  • 20
  • 21
  • 22
  • 23
  • Neste

Statsforvaltaren i Rogaland

www.statsforvaltaren.no/ro 

sfropost@statsforvalteren.no

Tlf: 51 56 87 00

Besøk: Lagårdsveien 44, 4010 Stavanger.

Post: Postboks 59, 4001 Stavanger

Opningstid: 08.00–15.20

Fakturamottak Org.nr. 974763230

Statsforvaltar og ansv. redaktør: Bent Høie

Personvernerklæring

Tilgjengelegheitserklæring (uustatus.no)

Logoar og grafisk profil

Logo for Miljøfyrtårn