Koronaviruset: Her held du deg oppdatert

Råd og informasjon finn du på Folkehelseinstituttets nettsider og på helsenorge.no. Her finn du lenker, informasjon, kontaktar hos oss – og korona- og vaksinasjonskart for Rogaland. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Sist endra 09.12.2021

Statsforvaltaren sitt ansvar er å vera eit bindeledd mellom kommunane og sentrale helsestyresmakter. Me held også tett kontakt med dei regionale helseføretaka; Helse Fonna og Helse Stavanger.

Korona- og vaksinasjonsstatus i Rogaland

I denne kartløysinga ser du smittetals- og vaksinasjonsstatus i Rogaland. Risikonivåa er baserte på kommunane si eigenrapportering til oss. Folkehelseinstituttet utarbeider vekerapportar om koronavirus og covid-19-epidemien i Norge – for alle fylka.

Status i Rogaland

Kven kan svara på kva?

Det er mange som tar kontakt med Statsforvaltaren om koronarelaterte problemstillingar. Enkelte av spørsmåla må me ta vidare til Helsedirektoratet. Dialogen med kommunane i Rogaland er tett og god.

Statsforvaltaren i Rogaland arrangerer jamlege møte med alle kommunane i fylket, i tillegg samlar me fylkesberedskapsrådet for å få ei brei oppdatering.

Oppdatert informasjon

For oppdatert informasjon, tilrår me bruk av desse nettsidene: regjeringa.noFolkehelseinstituttet, Utdanningsdirektoratet og helsenorge.no

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.