Statsforvalteren fikk nytt og kjønnsnøytralt navn 1. januar 2021. Det gamle navnet vårt var Fylkesmannen.

Koronaviruset: Her held du deg oppdatert

Janne Dahle-Melhus er fylkeslege i Rogaland.
Janne Dahle-Melhus er fylkeslege i Rogaland. Foto: John Gunnar Skien / Fylkesmannen i Rogaland.

Koronaviruset har ramma mange rogalendingar. Kor skal du finna nødvendig informasjon?

MÅNDAG 09.03.2020 12:37, SIST ENDRET 17.02.2021 13:22

Statsforvaltaren sitt ansvar er å vera eit bindeledd mellom kommunane og sentrale helsestyresmakter. Me held også tett kontakt med dei regionale helseføretaka; Helse Fonna og Helse Stavanger.

Kven kan svara på kva?

Det er mange som tar kontakt med Statsforvaltaren i samband med utbrotet av korona. Mange av spørsmåla som kjem må me ta vidare til Helsedirektoratet. Me har ei eiga e-post-adresse til koronaspørsmål. Denne finn du under Kontaktpersonar.

Når det gjeld konkrete spørsmål om ulike arrangement, reiser, konferansar m.m. er dette noko som må avklarast gjennom dialog med smitteverntenesta i den enkelte kommunen.

– Me samarbeider tett med kommunane og prøver å fanga opp problemstillingar som sentrale helsestyresmakter må vita om, seier fylkeslege Janne Dahle-Melhus.

Statsforvaltaren i Rogaland arrangerer jamlege møte med alle kommunane i fylket, i tillegg samlar me fylkesberedskapsrådet for å få ei brei oppdatering.

Når det gjeld våre eigne arrangement er dei i stor grad digitaliserte, i denne omgangen fram til sommaren 2021. 

Oppdatert informasjon

For oppdatert informasjon om koronautbrotet i Norge, tilrår me bruk av desse nettsidene: regjeringa.noFolkehelseinstituttet, Utdanningsdirektoratet og helsenorge.no

Her finn du konkrete råd om koronaviruset. Dersom du ikkje finn svar på det du lurer på, kan du ringa informasjonstelefonen på 815 55 015.

Reidar Johnsen er fylkesberedskapssjef hos Statsforvaltaren i Rogaland. Marianne Skogerbø er utdanningsdirektør (Foto: John Gunnar Skien/Statsforvaltaren i Rogaland)