Lokal kompetanseutvikling i barnehage og grunnopplæring

I 2021 vart det innført ny tilskotsordning for lokal kompetanseutvikling i barnehage og grunnopplæring. Tilskotsordninga fungerer slik at barnehage- og skuleeigarar kan melde frå om behov for midlar til kompetanseutvikling i eigne verksemder. Midlane kan brukast til å vurdere, planleggje og gjennomføre kompetansetiltak. 

Den statlege tilskotsordninga skal bidra til å støtte opp om det ansvaret som barnehage- og skuleeigarar har for å arbeide med kompetanse- og kvalitetsutvikling.

Midlane frå tilskotsordninga skal støtte tiltak som gir kollektiv kompetanseutvikling i barnehagar og skular. Barnehage- og skuleeigarar gjennomfører kompetansetiltaka i samarbeid og partnarskap med universitet og høgskular.

Tilskotsordninga omfattar:

  • Regional ordning for kompetanseutvikling i barnehage
  • Desentralisert ordning for grunnskular og vidaregåande skular
  • Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis 

Målgrupper for kompetansetiltaka

Målgrupper for kompetansetiltaka i tilskotsordninga er lærarar, leiarar og andre tilsette i barnehagar og skuler, og andre i organisasjonen rundt som bidreg til kvalitet i tilbodet til barn og unge.

Målgrupper for kompetansetiltaka i Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis er breiare og omfattar i tillegg til barnehage- og skuleeigarar, tilsette i PP-tenesta og andre tverrfaglege tenester i kommunane og fylkeskommunane som inngår i laget rundt barnet og eleven.

Melde kompetansebehov

Det er barnehage- og skuleeigarar som analyserer kompetansebehovet og deretter melder behov for kompetanseutvikling til statsforvaltaren. Eit nettverk av eigarar kan velje å gå saman om å melde behov for kompetanseutvikling. 

Statsforvaltaren legg til rette for at behovsmeldingane skal kunne behandlast og prioriterast i samarbeidsforum.

Samarbeidsforum prioriterer tiltak

Det er samarbeidsforum i fylka som prioriterer kva tiltak tilskotet skal fordelast til. Dette blir gjort ut frå lokale kompetansebehov. 

Samarbeidsforum skal inkludere representantar for offentlege og private barnehage- og skuleeigarar, kommunar som lokal barnehagemynde, universitet og høgskular med geografisk tilknyting til regionen, lærarorganisasjonane og KS . Samarbeidsforum kan også invitere andre aktørar til å vere med i samarbeidsforum. Statsforvaltaren har sekretariatsansvar for samarbeidsforumet og betalar ut midlane etter avgjerd i samarbeidsforum.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.