Klage på standpunktkarakter i grunnskolen 2022

Foreldre og elever har rett til å klage på alle standpunktkarakterar dersom dei meiner at skolen ikkje har følgt reglane for fastsetting av karakteren. Statsforvaltaren er klageinstans. Vi vurderer om skolen har følgt § 3-15 i forskrifta. Vi vurderer ikkje om karakteren eleven har fått er riktig eller ikkje.

Publisert 24.05.2022, Sist endra 24.05.2022

Skolen skal sende klagen vidare til Statsforvaltaren for behandling. Skolen skal bruke elektronisk skjema for innsending av klage. Vi viser til Utdanningsdirektoratet si regelverkstolking for utfyllande informasjon om Statsforvaltaren si klagebehandling.

Statsforvaltaren i Rogaland vil trekke fram nokre punkt som er viktige når skolen skal sende klagen til oss. Denne lista er ikkje fullstendig, og du kan lese meir om kva skolen skal sende til oss i regelverkstolkinga.

  • Rektor sin uttale: Rektor må synleggjere at han eller ho meiner at faglærar si uttale viser at standpunktkarakteren er sett i samsvar med regelverket.
  • Eleven sin samla kompetanse: Faglærar si uttale må vise at han eller ho har gjort ei vurdering av eleven sin samla kompetanse. Å vurdere samla kompetanse betyr at læraren må løfte blikket frå eitt og eitt kompetansemål, og sjå dei i samanheng. Faglærar må beskrive eleven sin samla kompetanse. Det er ikkje tilstrekkeleg å til dømes skrive at eleven har middels skriftleg kompetanse eller høg munnleg kompetanse i faget. Teksten Om faget og omtalen av standpunktvurdering i det enkelte faget er til støtte for å vurdere eleven sin samla kompetanse.  
  • Dokumentasjon: Utdanningsdirektoratet skriv at faglærar si uttale skal innehalde ei grunngjeving for standpunktkarakteren, og presiserer at det ikkje er eit dokumentasjonskrav. Statsforvaltaren skal vurdere om faglærar har følgt forskrifta § 3-15 når han eller ho har fastsett standpunktkarakteren. Det sentrale er derfor faglærar si uttale/grunngjeving for korleis standpunktkarakteren er sett. Vi vurderer ikkje om karakteren er riktig eller ikkje. Derfor må faglærar si uttale synleggjere at reglane er følgt, ikkje om han eller ho har gjort ei rett vurdering av eleven sin kompetanse. Vi treng derfor ikkje dokumentasjon på elevarbeid.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.