Klage på standpunktkarakterar i grunnskolen 2023

Elevar og føresette har rett til å klage på ein standpunktkarakter dersom dei meiner at skulen ikkje har følgt reglane for fastsetting av karakter. Klagen må vere skriftleg og skal sendast til skulen.  

Publisert 09.05.2023

Statsforvaltaren er klageinstans

Skulen skal sende klagen vidare til Statsforvaltaren som er klageinstans. Saman med klagen skal skulen legge ved ei grunngiving for standpunktkarakteren frå faglærar og ei uttale frå rektor. Klagaren skal ha kopi av det som skulen sender til Statsforvaltaren.  

Statsforvaltaren vurderer om skulen har følgt reglane i § 3-15 i forskrifta til opplæringslova då dei fastsette karakteren. Statsforvaltaren vurderer ikkje om karakteren eleven har fått er «riktig». 

Kva må ligge ved klagen

Statsforvaltaren i Rogaland vil trekke fram nokre viktige punkt i samband med innsendinga. Lista er ikkje fullstendig. De finn utfyllande informasjon i Udir sin rettleiar.                             

  • Rektor sin uttale

Merk at rektor skal gjere greie for om at han eller ho meiner at saksgangen på skulen har vore eller ikkje vore i samsvar med forskrifta. I begge tilfella skal klagen sendast vidare til Statsforvaltaren. 

  • Eleven sin samla kompetanse

Faglærar si uttale skal vise at han eller ho har gjort ei vurdering av eleven sin samla kompetanse ved avslutninga av opplæringa, basert på kompetansemåla i læreplanen. For å vise det, må faglærar beskrive eleven sin samla kompetanse. 

Eleven skal vise kompetanse på fleire og varierte måtar: Faglærar må beskrive konkret korleis eleven som har klaga har fått vist sin kompetanse på fleire og varierte måtar.  

  • Om dokumentasjon

Utdanningsdirektoratet skriv at faglærar si uttale skal innehalde ei grunngjeving for standpunktkarakteren, og presiserer at det ikkje er eit dokumentasjonskrav. Statsforvaltaren skal vurdere om faglærar har følgt reglane i forskrifta § 3-15 når han eller ho har fastsett standpunktkarakteren. Det sentrale er derfor at faglærar si uttale/grunngjeving viser korleis reglane er følgt. Merk at faglærar i den forbindelse ikkje skal argumentere for at han eller ho har satt «riktig» karakter.  

Elektronisk innsending av klage

Det elektroniske skjemaet er til bruk for skulen ved innsending av klage på standpunktkarakter i fag, og ved klage i orden og i åtferd. Skolen skal registrere all generell informasjon i det elektroniske skjemaet og kan laste opp aktuell dokumentasjon som vedlegg. Det må fyllast ut eitt skjema for kvar karakterdet blir klaga på.  

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.