Opplæring om personleg økonomi i ungdomsskolen

Forbrukarrådet har lansert eit nytt læreverkty om personleg økonomi for elevar i tiande klasse. Mange unge har liten kunnskap på feltet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.09.2015

Forbrukarrådet har lansert ein ny modul i Finansportalen.no, kalla Privatøkonomi i skolen. Verktyet er retta mot undervisning i tiande klasse og er tenkt brukt i matematikkundervisninga.

Desse temaa vert tekne opp i verktyet:

  • Inntekt og forbruk
  • Sparing og plassering
  • Lån
  • Betalingskort

Kvart tema har ein introduksjonsfilm og interaktive aktivitetar og oppgåver.

Link til verktyet og rettleiar for lærarar: Finansportalen.no: Privatøkonomi i skolen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.