Klage på standpunktkarakter i orden og åtferd i grunnskolen

Ved klage på karakter i orden og i åtferd skal kontaktlæraren til eleven og rektor gi fråsegn som saman med klagen skal sendast til Statsforvaltaren som er klageinstans. Klagaren skal ha kopi av fråsegna.

Publisert 08.04.2024

Kva skolen må legge ved klage på karakter i orden og åtferd.

Fråsegna skal gjere greie for

  • kva for karakterar i orden og i åtferd som har vore gitt tidlegare,
  • kva for tiltak skolen har sett i verk for å rette på forholda
  • ei fyldig grunngiving for karakteren, inklusiv vurdering av eleven sine føresetnadar
  • skolen skal også gjere greie for om heimen har vore varsla om at karakteren kunne bli sett ned, og eventuell annan korrespondanse med føresette

Skolen må leggje ved kopiar av ordensreglementet og utskrift av protokollen som viser korleis skolen har behandla saka.

Klageinstansen avgjer om karakteren blir ståande, sett opp eller sett ned.

Elektronisk innsending av klage

Skolen skal bruke det elektroniske skjemaet når dei sender inn klage på standpunktkarakter i fag og klage i orden og åtferd til Statsforvaltaren. Skolen skal registrere all generell informasjon i det elektroniske skjemaet og kan laste opp aktuell dokumentasjon som vedlegg. Skole må fylle ut eitt skjema for kvar karakter det blir klaga på. 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.