Nyheitsbrev om plan - oktober 2022

Statsforvaltaren og fylkeskommunen sender ut felles nyheitsbrev om plan og plansak til kommunale planleggarar og andre kontaktpersonar i kommunane. Her finn du sakene som er omtalt i nyheitsbrevet for oktober.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.10.2022

Snakk med ein ungdom!

Dette er oppfordringa spesialrådgivar Anne Irene Myhr frå Distriktssenteret kom med under haustens dialogmøte om ung medverknad. Møre og Romsdal fylkeskommune har denne hausten invitert barn- og unges representant, dei som jobbar med ungdomsråda i kommunane og leiar i ungdomsråda til dialogmøte i Kristiansund, Molde og Ålesund om ung medverknad. Les meir på fylkeskommunen sine nettsider.

NVE med ny rettleiar for handtering av overvatn

Overvasshandtering bør vere tema på strategisk nivå, og naturbasert overvasshandtering bør leggast som premiss allereie i kommuneplanens arealdel, og følgast opp på reguleringsnivået. Gamle synder kan vere dyre å rette opp i, men i lys av klimaendringar og auka nedbør, bør arbeidet starte no. Arbeidet med berekraftindikatorer i regi av U4SSC har også peikt mot dette. Rettleiaren finn du på NVE sine nettsider.

Frukostwebinar

Program for berekraftige byar og tettstader arrangerer frukostwebinar i haust! Dette er eit prøveprosjekt som i første omgang blir gjennomført tre gonger i løpet av hausten. Vi evaluerer og vurderer i etterkant om dette blir eit tilbod som vi skal halde fram med.

Målgruppe er i første rekke kommunar i Møre og Romsdal, men alle som er interesserte i tematikken kan melde seg på (bindande). Webinara blir arrangert som Teamsmøte.

Du mottek lenke etter påmelding.

Fylkesstatistikk

Fylkesstatistikken er meint som eit arbeidsverktøy for kommunane, næringslivet og media, samt andre som har behov for oppdatert statistikk i sitt arbeid. Statistikken er presentert både med omtale, analyse og grafiske framstillingar av sentrale utviklingstrekk i Møre og Romsdal. 
Fylkesstatistikken 2022 vert presentert på fylkestingssamlinga 17.-19. oktober.

Informasjon om arbeidet med regionale strategiar

  • Framlegget til Fylkesstrategi for attraktive byar og tettstader har høyringsfrist 14.10.
  • Framlegg til FylkesROS er ute på høyring med frist 15.10.
  • Fylkesstrategi for miljø, klima og energi vert sendt på høyring i månadsskiftet november/desember.
  • Høyringsperioden for Fylkesstrategi for landbruk er avslutta og ein tek sikte på vedtak i Fylkestinget i desember.

Startar arbeidet med fylkesstrategi for kompetanse

Møre og Romsdal fylkeskommune startar no arbeidet med ein fylkesstrategi for kompetanse. Strategien
skal gi retning til korleis ulike aktørar skal samarbeide om å sikre arbeidslivet den kompetansen
som trengst, no og i framtida. Tysdag 20. oktober var det workshop i Ålesund med både næringsliv,
universitet- og høgskolesektor og andre der målet var å få innspel til korleis vi kan samarbeide om
utviklinga av strategien. Det vil gå ei oppstartsmelding til fylkespolitikarane i oktober.
Kunnskapsgrunnlaget er under arbeid, og sjølve strategiarbeidet vil skje neste år. Strategien skal
etter planen behandlast av fylkestinget i april 2024.

Frå hæ? til åh! – prøv E-ung, eit nytt digitalt opplæringsverktøy for ungdomsråd

KS har nyleg utarbeidd eit opplæringsverktøy for ungdomsråd, E-ung. Nettsida skal vere informativ og lett tilgjengeleg, og gi hjelp til praktisk gjennomføring av ungdomsråd.

Konkrete råd om samferdsel før innsending av plansaker

Plan- og trafikkseksjonen på fylkesvegavdelinga er fagsaksbehandlar for samferdsel i plansaker etter plan- og bygningslova. I oversending av saker frå kommunane til oss, ser vi ein del manglar som gjentek seg ofte, og som kan seinke framdrifta for den som skal gjennomføre tiltak. Dette er uheldig, og vi har derfor utarbeidd nokre konkrete råd, som vi ber kommunane ta omsyn til før saker blir oversendt. Her kan du lese brevet som tidlegare er sendt til kommunane.

Leve heile livet

Hovedfokuset i reformen "Leve heile livet" er å skape eit meir aldersvennleg Noreg, og finne nye og innovative løysingar på dei kvalitative utfordringane knytt til aktivitet og fellesskap, mat og måltid, helsehjelp, samanheng og overgangar i tenestene.

På nettsida Ressursportal – for analyse og planlegging finst det informasjon som er relevant for støtteapparat og kommunar i analyse og planlegging av Leve heile livet og eit meir aldersvennleg Noreg.

Nytt frå Statsforvaltaren

  • Utviklinga i kommuneøkonomien: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal gir årleg ut ein rapport som viser hovudtrekka i utviklinga av kommuneøkonomien i fylket.

  • Regional plan- og klimakonferanse: Statsforvaltaren og fylkeskommunen inviterer til regional plan- og klimakonferanse i Ålesund 24. og 25. oktober. Oppdatert program finn du her. Innlegg og presentasjonar frå konferansen vil bli delt med deltakarane i etterkant av konferansen.

  • 50 år med verdsarv: Verdsarven feirar 50 år i desse dagar, og Møre og Romsdal er med. Vi kan pryde oss med ein av dei åtte verdsarvstadene i Norge.

  • Informasjonsbrev frå landbruksavdelinga: Statsforvaltaren sender ut informasjonsbrev ein gong i veka, og det skal vere hovudkanalen for informasjon til landbruksforvaltninga i kommunane. Så langt som råd vil vi samle informasjonen frå oss i informasjonsbreva, i staden å sende e-postar. Målet er å sikre informasjonsflyten. 

Nyheiter frå KDD

KDD har på sine nettsider lagt ut oppdaterte artiklar og informasjon knytt til fleire plantema/-område:

  • Plannytt – nyheitsbrev om planlegging etter plan- og bygningslova: Ny utgåve av Plannytt 4/2022 er lagt ut på KDD sine nettsider. Her finn du også oversikt over  tidlegare utgåver av nyheitsbrevet samt nyheitsbrev om stadutvikling.

  • Bruk av høgdedata kan nyttast på mange fagfelt. Her kan du lese om korleis modellen kan nyttast:
    • Høgdemodellen gir fleire fordelar i arbeidet med å registrere og forvalte kulturminne.
    • For å sikre heilskapleg og berekraftig arealplanlegging kan nasjonal detaljert høgdemodell brukast i fleire fasar i planprosessen
    • Som følge av klimaendringar, må vi planlegge og tilpasse bebyggelse og infrastruktur. Den nasjonale detaljerte høgdemodellen er nyttig for å tilpasse samfunnet til havnivåstigning, flom og overvatn.

  • Rettleiaren om reguleringsplanar er revidert, og inneheld oppdatert rettleiing i tråd med gjeldande rett pr. september 2022. Den vil saman med rettleiaren til kommuneplanens arealdel og rettleiaren til forskrift om kart, stadfesta informasjon, arealformål og digitalt planregister gi informasjon om korleis reguleringsplanar kan utarbeidast etter føresegnene i plan- og bygningslova.

  • Ei evaluering av om dei statlege planretningslinjene for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging (SPR-BATP) har verka etter mål og hensikt for dei emna som retningslinjene omhandlar. Rapporten kan du lese her. Kommunal- og distriktsdepartementet har sett igang arbeid med å gå igjennom dei statlege  planretningslinjene for samordna bustad-, areal og transportplanlegging.

  • Frå 1. september kjem det nye reglar som gjer det enklare å utvikle område utsette for flodbølgesom følge av fjellskred. Ein kan få unntak frå byggerestriksjonar i område utsette for flodbølge, der personsikkerheita er sikra ved eit beredskapssystem med periodisk overvaking. Tidlegare har det berre vore mogleg å få unntak dersom NVE overvakar området kontinuerleg. Sjå meir om endringa i Byggteknisk forskrift i slutten av nyheitsbrevet.

  • Asplan Viak har på oppdrag fra Kommunal- og distriktsdepartementet utført ei kartlegging og analyse av planpraksis i kommunar med vindkraftkonsesjonar. Rapporten "Bruk av arealplan etter plan- og bygningsloven i vindkraftsaker" inngår i departementets faktagrunnlag om kommunane sin planpraksis i vindkraftsaker.

  • Prosjektet «Drømmeplan»: Kommunane Fredrikstad, Åfjord, Hemsedal/Ål og Sandnes har delteke i prosjekt som skal gjere det lettare for innbyggarane å finne informasjon om kva for moglegheiter dei har til å bygge meir på eiga tomt. Erfaringane er gode både blant innbyggarane og kommunane.

  • Gjennom prosjekt i satsinga «Digitalisering av planprosessen» har Kommunal- og distriktsdepartementet prøvd ut nye metodar som skal føre til ein bedre og meir effektiv planprosess. Under kan du lese om prosessen og resultata til no.
  • KDD si satsing på planforsking er godt i gang ved forskingsmiljø i heile landet. Prosjekta skal utvikle kunnskapsgrunnlaget slik at planlegging etter plan- og  bygningsloven bidreg til ei berekraftig samfunnsutvikling.

  • Fritidsbustaden er viktig for mange nordmenn og gir grunnlag for vekst og utvikling i mange distriktskommunar. No er det komen ein rettleiar som gir oversikt over nasjonale føringar og omsyn som er viktige for å sikre ei meir berekraftig lokalisering, utbygging og bruk av fritidsbustadene. Han beskriv også korleis omsyna kan takast hand om i kommunale og regionale planar.

Nytt frå Distriktssenteret:

  • Planprosess byggjer fellesskap og gir retning i Fjord kommune: I februar 2022 vedtok Fjord kommune sin første samfunnsdel til kommuneplanen: Ein powerpoint-presentasjon på 20 sider. Sjølv om plandokumentet er enkelt, ligg det ein brei og omfattande medverknadsprosess bak resultatet.

  • Minecraft engasjerte barn og unge i samfunnsplanlegginga: Då Sogndal kommune skulle få innspel til samfunnsplanen frå barn og unge, møtte dei målgruppa på deira eiga heimebane: Minecraft. Sigrid Ølmheim, samfunnsplanleggar i Sogndal kommune, meiner prosjektet har synt både kva tema born og unge er opptekne av, og at unge har høge ambisjonar for utviklinga av heimstaden sin.

  • Smart mobilitet i distrikta: Kva er smarte løysingar for kollektivtransport i distrikt med spreiddbygd busetjing og lange avstandar? Det ser  læringsnettverket «Smart mobilitet i distriktene» nærmare på.

Nytt frå Helsedirektoratet

  • Folkehelse i kommunale planlegging: Helsedirektoratet har på sine heimesider fleire artiklar om folkehelsearbeid i kommunane med kopling til kommunale planlegging etter pbl.

  • Vi minner elles om nyheitsbrev om folkehelsearbeid, sjå nettside.

 

Endringar i byggteknisk forskrift (TEK17) kapittel sju

Endringar i TEK17 § 7-3 første ledd

Storulukkeverksemder er ikkje lenger underlagt totalforbod mot plassering i skredutsette område. Dette betyr at storulukkeverksemder skal plasserast i ein tryggleiksklasse etter TEK17 § 7-3, andre ledd, for å avklare kva som er tilstrekkeleg tryggleik mot skred.

Bygg som er avgjerande for nasjonal eller regional beredskap er ikkje lenger underlagt totalforbod mot plassering i skredutsette område dersom kravet til TEK17 §7-3, første ledd, kan oppfyllast med tryggingstiltak. Dette betyr at bygg som er avgjerande for nasjonal eller regional beredskap kan plasserast i skredfarlege område så lenge tryggingstiltak sørger for at beredskapen ikkje vert svekka ved eit eventuelt skred.


TEK17 § 7-3, første ledd, skil ikkje mellom krav til tryggleik i skredfarlege område og krav til tryggleik i flodbølgjeutsette område planlagt etter TEK17 § 7-4. Dette betyr at det ikkje lenger er totalforbod mot til dømes politistasjon, brannstasjon, tankanlegg, bensinstasjon m.m. i område planlagt etter TEK17 § 7-4.


Endringar i TEK17 § 7-4

Endringane i TEK17 § 7-3 førar til tilsvarande endringar i kva som kan plasserast i område planlagt etter TEK17 § 7-4. Dette betyr at det er opna for fleire typar tiltak i flodbølgjeutsette område, sjå endringar i TEK17 § 7-3, første ledd.


Periodisk overvaking av fjellparti varetek kravet til forsvarleg beredskapssystem (bokstav b). Dette betyr at det ikkje lenger er eit krav at fjellparti er sanntids overvaka for å planlegge etter TEK17 § 7-4.


Nytt tredje ledd opnar for midlertidige brakkeriggar som er naudsynte i samband med pågåande bygge- eller anleggsarbeid. Med unntak av kravet om varetaking av persontryggleiken ved eit forsvarleg beredskapssystem (bokstav b), må ikkje midlertidige brakkeriggar tilfredsstille dei resterande vilkåra i TEK17 § 7-4 (bokstav a, c, d, og e).


Vilkåra i TEK17 § 7-4 bokstavane a, c, d, og e er elles er vidareførte. Vidareført er også unntaket for mindre tiltak, jf. § 7-4, andre ledd.


Eventuell endring av arealbruken i område som er utsett for flodbølgjefare vil i praksis ha dei same prosesskrava som tidlegare, med noko meir handlingsrom når det gjeld type tiltak som kan bli plassert i område med skred- og flodbølgjefare.