50 år vern med verdsarv

Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal / Lena Skattum Sandvik.

Verdsarven feirar 50 år i desse dagar, og Møre og Romsdal er med. Vi kan pryde oss med ein av dei åtte verdsarvstadene i Norge.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.09.2022

Skrive av Ingvild Hansen Nystad, verneområdeforvaltar

Vestnorsk fjordlandskap - Geirangerfjorden og Nærøyfjorden, vart innskrive på Unesco si verdsarvliste 14. juli 2005 som det første naturarvområdet i Norge.

Verdsarvlista til UNESCO (World Heritage List) skal representere det fremste i verda av kultur- og naturverdiar, og også gjerne det mest trua.

For framtidige generasjonar

Konvensjonen for vern av verdas kultur- og naturarv vart vedtatt i 1972, etter at kulturminne og naturområde i aukande grad hadde vorte utsette for press i form av krig, naturkatastrofar, forureining, turisme, eller berre ganske enkelt forfall.

Konvensjonen sitt fremste mål er å identifisere kultur- og naturarv av universell verdi. Behovet for eit felles løft, både menneskeleg og økonomisk, vart synleg gjennom den internasjonale redningsaksjonen av kulturminne i Egypt og Nubia då Aswan-dammen skulle byggast tidleg på sekstitalet.

Natur- og kulturarven kan vere eit naturområde, eit kulturlandskap, eit
bygningsmiljø eller eit natur- eller kulturmonument. Den kan vere eit byggverk som representerer eit viktig historisk utviklingssteg, eller eit naturfenomen av eksepsjonell estetisk eller vitskapleg verdi.

Naturarv som utmerker seg

UNESCO si grunngiving for å ta Vestnorsk fjordlandskap inn på verdsarvlista var: Vestnorsk fjordlandskap er klassiske, framifrå velutvikla fjordar, og vert rekna for å vere typelokalitet for fjordlandskapa i verda. Storleiken og kvaliteten på desse fjordane kan samanliknast med andre fjordar på verdsarvlista, og dei utmerkjer seg med sine klimatiske og geologiske tilhøve. Området syner alle element av landformer knytt til dei indre delane av to av dei lengste og djupaste fjordane i verda.

Nærøyfjord- og Geirangerfjordområda vert rekna mellom dei vakraste fjordlandskapa på kloden. Det blir peika på dei tronge dalgangane med bratte krystallinske bergsider som strekker seg frå 500 m under vassflata til 1400 meters høgde over Norskehavet. Eit utal fossar kastar seg utfor dei stupbratte fjellveggane, medan talrike frie elvar renn frå takkete fjell, brear og bresjøar, gjennom lauv- og barskog, og ned til fjorden. Eit stort mangfald av andre naturfenomen på land og i vatn med mellom anna undersjøiske morenar og sjøpattedyr, forsterkar naturopplevinga. Restar av eldre, no for det meste nedlagde gardsbruk og stølar, tilfører det dramatiske naturlandskapet ein kulturell dimensjon som utfyller og aukar den samla verdien av området.

Verdsarv i Møre og Romsdal

Vestnorsk fjordlandskap femner om eit areal på 1227 km2, av dette 597 km2 i Geirangerfjordområdet. Om lag 84 % av verdsarvarealet her er verna etter
naturvernlova gjennom Geiranger-Herdalen landskapsområde, Hyskjet og Kallskaret naturreservat.

 

Foto: Hyke studio
Foto: Hyke Studio