Informasjonsbrev veke 38/2022

Bildet viser logo for informasjonsbrevet

- Landbruksavdelinga lanserer informasjonsbrev!
- Dreneringskurs hausten 2022 
- Klimasnuprisen 2022 
- Ny utgåve av Gårdskart aktuelt 
- Påminning: ØKS - Godkjenning av virkesopplysningar 2022-9
- Fagdag for Inn på tunet-tilbydarar 19. oktober i Molde 

Publisert 21.09.2022

 Landbruksavdelinga lanserer no informasjonsbrev!  

Vi vil sende ut informasjonsbreva ein gong for veka, og det skal vere vår hovudkanal for informasjon til landbruksforvaltninga i kommunane. Så langt som råd vil vi samle informasjonen frå oss i informasjonsbreva, i staden å sende e-postar. Målet er å sikre informasjonsflyten. Tidlegare utsendt informasjon vil vere enkel å finne ved å gå inn på nettsida link: https://www.statsforvalteren.no/nn/More-og-Romsdal/Landbruk-og-mat/informasjonsbrev/  

Informasjonsbreva vil i første omgang vere eit prøveprosjekt på eit halvt år, som vi då vil evaluere. Her vil dykkar meiningar og erfaringar med informasjonsbreva vere viktige for oss. Men nøl ikkje med å ta kontakt for å gje oss ris og ros fortløpande 😊  

Kontaktpersonar: Brit Kari Eidseflot Hauger, Tone Helen Rørseth og Åslaug Røberg

 

Dreneringskurs hausten 2022 

Landbruk Nordvest (NLR) arrangerer fleire dreneringskurs rundt omkring i fylket i haust. På kursa får du høve til å lære om drenering eller friske opp kunnskapane. Kurset går over ein dag og er delvis finansiert av Klima og miljømidlane frå Statsforvaltaren gjennom prosjektet vårt Drenering for betre jord og klimaSjå nettsida til NLR for meir informasjon og påmelding 

Kontaktperson:Ragnhild Naug Aas 

 

Klimasnuprisen 2022 

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal ynskjer innspel til Klimasnuprisen innan 1. oktober. Grupper og nettverk/verksemder/organisasjonar/offentlege organ/personar som har vist:  

  • særleg engasjement og resultat i arbeidet med klimavennleg omstilling i Møre og Romsdal 
  • å ha bidratt aktivt med å finne fram til eller auka bevisstheita om løysingar på klimautfordringane utan at det har gitt vesentleg negativ effekt på andre berekraftmål. 

Alle tre finalistane i fjor hadde kopling til landbruket, og vi ynskjer difor fleire gode innspel frå næringa for å synleggjere klimabevisste og offensive bønder eller andre. 

Meir info på: 

https://www.statsforvalteren.no/nn/More-og-Romsdal/Miljo-og-klima/klimasnu/klimasnuprisen/ 

Kontaktperson: Åsmund Asper

 

Ny utgåve av Gårdskart aktuelt 

Her kan du mellom anna lese om: 

  • Arealtal berekna frå kart er lest inn i Landbruksregisteret (Lreg) for heile landet 
  • Alle kommunar kan få tilgong til AR5web om ein ønskjer det 
  • Endringar i AR5 vert vist i Gårdskart 

Link: Gårdskart aktutelt 3/22 

Kontaktperson: Odd Løset

 

Påminning: ØKS - Godkjenning av virkesopplysningar 2022-9

Virkesopplysingar for periode 2022-9 er klar for kontroll og godkjenning i kommunane. Frist for godkjenning er 23. september. Hugs eventuell fil med manuelt registrert virke.

Kontaktperson: Åslaug Røberg

 

Fagdag for Inn på tunet-tilbydarar onsdag 19. oktober i Molde 

Statsforvaltaren inviterer til fagdag for Inn på tunet-tilbydarar onsdag 19. oktober kl 09.30 – kl 16.00 på Scandic Hotel Alexandra i Molde. Andre interesserte er også velkomne til å delta. Fagdagen er gratis. Påmelding innan tysdag 11. oktober. 

Meir informasjon finnast her: link til nettsida vår 

Informer gjerne tilbydarar og andre interesserte i kommunen din! 

Kontaktperson: Brit Kari Eidseflot Hauger