Invitasjon til fagdag for Inn på tunet-tilbydarar

Statsforvaltaren inviterer til fagdag for Inn på tunet-tilbydarar onsdag 19. oktober kl 09.30 – kl 16.00 på Scandic Hotel Alexandra i Molde.

Publisert 20.09.2022

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal er tildelt eit av fire pilotprosjekt av Landbruksdirektoratet i eit nasjonalt Inn på tunet løft. Vår pilot er retta mot mogelege innkjøpararar av Inn på tunet-tenester i den vidaregåande skulen. Meir informasjon om Inn på tunet-løftet finn du her: Inn på tunet-løtet

Som del av prosjektet arrangerer vi ein fagdag for IPT-tilbydarane i Møre og Romsdal. Andre interesserte er også velkomne til å delta. Fagdagen er gratis. Påmelding innan tysdag 11. oktober.

Meld deg på her 

Frå programmet kan nemnast:

  • Barnevernreformen/oppvekstreformen - kan IPT ha ei rolle her? v/Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
  • Mogelegheitene for bruk av IPT som alternativ opplæringsarena – presentasjon av kartlegging i Møre og Romsdal v/Oxford Research
  • Korleis forstå det offentlege som innkjøpar? v/Møre og Romsdal Fylkeskommune
  • Kva skal til for å verte godkjent som lærebedrift? v/Møre og Romsdal Fylkeskommune
  • Korleis gjere det lett for kjøpar av IPT-tenester? Slik gjer vi det! v/Line Stølan, Stall Stølan på Tingvoll og Veronica Reinås, Eikra gard på Stjørdal
  • Kva må til for auka bruk av IPT i vidaregåande opplæring? v/Henrik Stensønes, leiar i kultur-, næring- og folkehelseutvalet og rådgjevar Kristiansund vg skule
  • Kva kan IPT-næringa gjere for å verte attraktive i vidaregåande opplæring? Gruppearbeid

 

Endeleg program vert lagt ut så snart det er klart.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.