Populært totalberedskapskurs for toppleiarar

Vi ser første kull av totalberedskapskurset stilt opp utanfor ei av brakkene på Setnesmoen. Dei tre arrangørene står i midten.
Her er første kull på Totalberedskapskurs samla våren 2024. Dei tre arrangørane, statsforvaltar Else-May Botten, politisjef Ingar Bøen og distriktsjef HV-11 Richard Moen, står i midten, i lag med sjef Heimevern, Frode Ommundsen (nærast statsforvaltaren). Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal / Lena S. Sandvik.

Godt over 100 toppleiarar i Møre og Romsdal har vore gjennom eit fem dagar langt totalberedskapskurs for å forstå den tida vi lever i, og for å bli førebudd for eventuelle kriser og krig. Høyr podkast om det populære kurset! 

Publisert 19.12.2025

Lytt til podkasten:
Libsyn Five | Populært totalberedskapskurs for toppleiarar

Denne episoden av «For folk og natur» handlar om totalforsvaret - og om totalberedskapskurs for toppleiarar. Totalforsvaret er samarbeidet mellom militæret og sivile i Norge, og skal beskytte landet mot kriser, konflikter og krig.

Cirka 120 toppleiarar frå offentleg og privat sektor i Møre og Romsdal har dei siste to åra vore gjennom eit fem dagar langt totalberedskapskurs for å forstå den tida vi lever i, og for å bli førebudd for eventuelle kriser og krig. Bak kurset står statsforvaltar Else-May Botten, saman med politisjefen og distriktsjefen i heimevernet.

Kurset har blitt svært populært – og er ønska over heile landet.

Om podkasten 

I studio er kommunikasjonsleiar og produsent Lena Skattum Sandvik i samtale med statsforvaltar Else-May Botten. Lars Levende Jacobsen har ansvar for det tekniske.

Denne episoden vart publisert 18. desember 2025

For folk og natur

Les meir om podkasten «For folk og natur» her …

Podkastens tittel spelar på Statsforvaltarens visjon: Trygg framtid for folk og natur.