Presse
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal legg vekt på å vere open, tydeleg og tilgjengeleg i vår kommunikasjon med media.
Kommunikasjonsrådgivarane arbeider tett opp mot leiinga og fagavdelingane. Journalistar får hjelp til å finne rett person å snakke med for bakgrunnsinformasjon, saksopplysningar og intervju.
Ved større arrangement som kongelege besøk og statsbesøk, m.m. legg vi spesielt tilrette for pressa.
Embetet følgjer prinsippa i Statens kommunikasjonspolitikk.
Statsforvaltaren sender tradisjonelt ut få pressemeldingar, men vi legg ofte ut nyheiter på nettsida vår.
Resultat frå innbyggarhøyringa i Rauma kommune
Publisert 14.12.2018
Pressemelding
Private barnehagar har brukt tilskot i strid med lova
Publisert 26.10.2018
Utnemd til første kvinnelege fylkesmann i Møre og Romsdal
Else-May Botten er i statsråd i dag 26. oktober 2018, utnemnd til fylkesmann i Møre og Romsdal. Ho vil tiltre stillinga i 2021. Else-May Botten er 45 år gamal og har vore stortingsrepresentant sidan 2009.
Publisert 12.09.2018
Vinnar av Omsorgsprisen 2018
Omsorgsprisen 2018 vart i ettermiddag delt ut til prosjektet Palliativ Plan i Møre og Romsdal. Dette er eit prosjekt der alle kommunane i Møre og Romsdal deltek. Prisen blei delt ut av fylkesmann Lodve Solholm.
Publisert 26.04.2018
Fylkesmannen ber kommunane sette forsøpling på dagsorden
Fylkesmannen i Møre og Romsdal sender i dag ut eit brev til ordførarane og rådmennene i Møre og Romsdal, med ei oppmoding om å setje forsøpling på dagsorden.
Publisert 17.04.2018
God deltaking på informasjonsmøte om kva det vil seie å bli verje
Publisert 22.03.2018
Pressekonferanse - tilråding i grensejusteringssakene i Møre og Romsdal
Fredag 23. mars, la fylkesmann Lodve Solholm fram si tilråding i dei fem grensejusteringssakene i Møre og Romsdal. Vi har lagt ut oversendingsbreva til KMD med tilråding og vedlegg for alle dei fem grensejusteringssakene, i denne artikkelen.
Publisert 07.02.2018
Grensejusteringar i Møre og Romsdal
Svar på innbyggarundersøkingar og høyringsbrev ut til kommunane.
Publisert 29.01.2018
Foreløpig resultat frå innbyggarundersøkingane
Fylkesmannen har i dag motteke eit foreløpig resultat på innbyggarundersøkingane som er gjennomført i samband med grensejusteringssøknader i Møre og Romsdal.
Publisert 03.01.2018
4. og 5. januar kjem Kommunal- og forvaltningskomitèen på besøk til Møre og Romsdal
Kommunal- og forvaltningskomitèen startar fylkesbesøket i Kristiansund kommune. Molde kommune og Rauma kommune får også besøk.