Presse
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal legg vekt på å vere open, tydeleg og tilgjengeleg i vår kommunikasjon med media.
Kommunikasjonsrådgivarane arbeider tett opp mot leiinga og fagavdelingane. Journalistar får hjelp til å finne rett person å snakke med for bakgrunnsinformasjon, saksopplysningar og intervju.
Ved større arrangement som kongelege besøk og statsbesøk, m.m. legg vi spesielt tilrette for pressa.
Embetet følgjer prinsippa i Statens kommunikasjonspolitikk.
Statsforvaltaren sender tradisjonelt ut få pressemeldingar. Dei som blir sendt ut vil du finne her. For daglege nyhende, artiklar, prinsipielle vedtak og tilsynsrapportar, anbefaler vi temasidene våre. Her finn du informasjon om kontaktpersonar og lenker til relevante dokument og artiklar. Ta gjerne kontakt med oss.
Fylkesmannen i Møre og Romsdal har ansatt Karin Müller Mikaelsen som ny fylkeslege
Mikaelsen har vore tilsatt i stillinga som assisterande fylkeslege sidan hausten 2016. Før det kom ho frå stillinga som overlege ved nevrologisk avdeling ved sjukehuset i Molde.
Publisert 18.01.2017
Nye utvalde kulturlandskap
Satsinga på utvalde kulturlandskap har vore svært vellukka, og Regjeringa ønsker no å utvide denne satsinga til å omfatte fleire geografiske område. Møre og Romsdal har fått i oppdrag å legge fram forslag på 2-3 nye område i fylket, som kan inkluderast i utvalde kulturlandskap.
Publisert 12.10.2016
H.K.H. Kronprinsen invitererer unge ledere og talent til SIKT2016 i Ålesund
Drivkraft er tema når H.K.H. Kronprinsen for fjerde gang inviterer unge ledere og talent til en konferanse om framtidens Norge. SIKT2016 arrangeres 24. - 25. oktober i Ålesund. Akkreditering innen 20. oktober.
Publisert 29.09.2016
Akkreditering til HM Dronning Sonja sitt besøk på Alnes fyr og opplevelsessenter
Presse som ønskjer å dekke Dronningen sitt besøk på Alnes, må søke om akkreditering innan onsdag 5. oktober kl. 14:00, ved å fylle ut skjemaet under.
Publisert 31.08.2016
Pressemelding i anledning H.K.H. Kronprins Haakon sitt besøk i Molde 7. september
7. september vil H.K.H. Kronprins Haakon besøke Molde i samband med opninga av Bjørnsonfestivalen. Kronprinsen skal også besøke Råkhaugen dagsenter.
Offentleg program for dagen.
Publisert 15.08.2016
Hagefest i Slottsparken
Deres Majesteter Kongen og Dronningen har invitert 1500 gjester til hagefest i Slottsparken 1. september 2016. Det er 50 personer fra hvert av landets fylker og Svalbard blant de mange inviterte.
Publisert 15.07.2016
Minneseremoni i Molde Domkirke, fredag 22. juli
I år er det 5 år sidan angrepet på regjeringskvartalet og på Utøya. Fylkesmannen vil markere dagen offisielt med ein minneseremoni i Molde Domkirke, fredag 22. juli kl. 15:00-17:00. Minnemarkeringa skjer i samarbeid med Biskopen i Møre, Molde International Jazz Festival, og i forståing med støttegruppa for pårørande i fylket.
Publisert 01.07.2016
Pressemelding i høve kommunereforma pr. 1. juli 2016
I dag er det 1. juli 2016, og fung. fylkesmann Rigmor Brøste kan informere om at alle 36 kommunane i Møre og Romsdal har gjort endeleg vedtak i kommunereforma innan fristen.
Publisert 03.06.2016
Statsborgarseremoni 4. juni
Laurdag 4. juni vert det statsborgarseremoni for 173 nye statsborgarar i Bjørnsonssalen ved Hotell Scandic Seilet.
Publisert 11.05.2016
Offentleg program for H.K.H. Kronprins Haakon sitt besøk i Rauma 12. -13. mai 2016
Kronprinsen opnar Norsk Tindesenter 13. mai. Den 12. mai besøker kronprinsen bedrifta Aak Safety.