Presse

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal legg vekt på å vere open, tydeleg og tilgjengeleg i vår kommunikasjon med media. 

Publisert 20.10.2020, Sist endra 31.12.2020

Kommunikasjonsrådgivarane arbeider tett opp mot leiinga og fagavdelingane. Journalistar får hjelp til å finne rett person å snakke med for bakgrunnsinformasjon, saksopplysningar og intervju. 

Ved større arrangement som kongelege besøk og statsbesøk, m.m. legg vi spesielt tilrette for pressa.

Embetet følgjer prinsippa i Statens kommunikasjonspolitikk.

Statsforvaltaren sender tradisjonelt ut få pressemeldingar. Dei som blir sendt ut vil du finne her. For daglege nyhende, artiklar, prinsipielle vedtak og tilsynsrapportar, anbefaler vi temasidene våre. Her finn du informasjon om kontaktpersonar og lenker til relevante dokument og artiklar. Ta gjerne kontakt med oss.

Abbonere på nyheiter her!

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 20.08.2013

Dialogmøte om nødnett

Helsedirektoratet møter kommunene i Møre og Romsdal til dialogmøte om nødnett torsdag 22. august i Molde.


Publisert 16.08.2013

Avslutning tilsynssak mot Molde kommune

Fylkesmannen finn at Molde kommune bryt kravet til forsvarlege helse-og omsorgstenester gjennom bruke av tripplerom ved Glomstua omsorgssenter.


Publisert 08.05.2013

Stor reform skal betre rettstryggleiken

Den nye verjemålslova trer i kraft 1. juli 2013. Frå denne datoen vert rundt 420 overformynderi rundt om i kommunane lagt ned og arbeidet overført til Staten ved 18 fylkesmannsembete.


Publisert 16.04.2013

Frå Sande i sør til Halsa i nord

Laurdag 20.april arrangeras Statsborgarseremoni i Molde. Då er Fylkesmannen vertsskap for 115 nye statsborgarar i Møre og Romsdal.


Publisert 22.02.2013

Kommunalkomiteen besøkjer Møre og Romsdal

Stortingets kommunalkomité besøkjer Møre og Romsdal 25. og 26. februar 2013. Fylkesmann Lodve Solholm og fylkesordførar Jon Aasen er vertskap under besøket.


Publisert 22.01.2013

Gir samtykke til møbeletablering

Fylkesmannen har vedtatt å gi samtykke til etablering av møbelvareforretning på Holamyra Næringspark.


Publisert 15.01.2013

Presseinfo 2013

Her finn du presseinformasjonen som vart delt ut på Fylkesmannens årlege pressekonferanse i Molde 8. januar.