Resultat frå innbyggarhøyringa i Rauma kommune

Fylkesmannen har i dag motteke resultata frå innbyggarhøyringa som er gjennomført i samband med grensejusteringssøknaden frå grunnkrinsane Hjelvik og Våge i Rauma kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.04.2019

Innbyggarane i dei to grunnkrinsane fekk følgjande spørsmål:

Kva kommune meiner du at grunnkrinsane Hjelvik og Våge skal høyre til i framtida?

  • Bli i Rauma kommune
  • Overflytting til Vestnes kommune
  • Veit ikkje

Resultatet frå innbyggarhøyringa viser desse svara på spørsmålet:

Svarprosent: 92 %

  • 23 % svarte "Bli i Rauma kommune"
  • 66 % svarte "Overflytting til Vestnes kommune
  • 11 % svarte "Veit ikkje"