Nyhende
Ja til nytt vassbehandlingsanlegg i Moltudalen
Statsforvaltaren har stadfesta reguleringsplanen for Herøy vassverk. Planen legg til rette for eit nytt vassbehandlingsanlegg som skal sikre betre vasskvalitet for majoriteten av innbyggjarane i Herøy kommune.
Retiro-dokumenta kan førebels haldast internt i Molde kommune
Molde kommune avslo eit innsynskrav i interne, førebuande dokument til plansaka på Retiro. Statsforvaltaren stadfestar avslaget i denne omgang.
Åfarnes og Eidsbygda får ikkje turiststad-status
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har konkludert med at bygdene Åfarnes og Eidsbygda ikkje skal få status som typiske turiststader.
Tilsyn ved skipsverft i Møre og Romsdal: Manglar i utsleppskontroll og internkontroll
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har gjennomført ein større tilsynsaksjon ved skipsverft i fylket. Målet har vore å sjå til at verksemdene følger regelverket for utslepp og internkontroll etter forureiningsforskrifta kapittel 29.
Er det risiko for ufrivillige utanlandsopphald og negativ sosial kontroll blant barn og vaksne i din kommune?
For nokre kan eit ufrivillig utanlandsopphald innebere at dei blir utsette for negativ sosial kontroll, æresmotivert vald, barneekteskap, tvangsekteskap, kjønnslemlesting eller andre former for vald og overgrep.
Altinn-roller blir erstatta av tilgangspakkar
Brukar du Statsforvaltarens skjema på vegner av ei verksemd, bør du lese om endringane som vil komme. Tilgang til tenester og skjema via roller opphøyrer ved utgangen av året. I staden treng du fullmakt via ein tilgangspakke. Det er verksemda di som gir tilgangspakkar.
Nytt svakt år for laksefiske i Møre og Romsdal
Laksefisket i Møre og Romsdal i 2025 enda på 8,9 tonn laks fiska i elvane. For første gong var sjølaksefiske med kilenot stengt i heile fylket.
Reetablering av fiskebestandar i Drivaregionen
Etter avslutta kjemisk behandling mot lakseparasitten G. salaris i 2024, har det pågått omfattande arbeid med reetablering av fiskebestander i Drivaregionen i 2025. Årets gyroovervåking viser ingen funn av parasitten så langt.
Ny rekord for frivillig skogvern
Åtte område i Møre og Romsdal har no fått status som naturreservat. Med dei to områda som fekk vern i juni, er 2025 året med mest frivillig skogvern sidan ordninga kom i 2003.