Status for økologisk landbruk i Møre og Romsdal
Regjeringa har fastsett ein ny nasjonal strategi for økologisk jordbruk fram til 2032. Dette er ei oppfølging av Stortinget sitt mål om at 10 prosent av jordbruksarealet i landet skal vere økologisk innan 2032.
I 2024 hadde Noreg om lag 4,3 prosent økologisk areal, medan same tal for Møre og Romsdal var 3,0 prosent. Vi har såleis ein veg å gå, og det krev ei jamn og målretta satsing for å nå ambisjonen.
Figuren nedanfor viser utviklinga for økologisk areal i fylket frå 2004 til 2024. Sjølv om den økologiske delen har variert i perioden, kan vi sjå at berre i underkant av 3 prosent av dyrka areal i drift har vore økologisk dei siste 15 åra.
Grafen nedanfor viser dei 15 kommunane i fylket med størst økologisk areal i 2024.
Dei kommunane som har mest økologisk areal er også blant dei med flest mjølkekyr og ammekyr.
I 2024 vart det gitt produksjonstilskot til 2 405 føretak i fylket. Av desse hadde 106 føretak økologisk produksjon.
Figuren nedanfor viser økologiske føretak fordelt på ulike produksjonar.
Møre og Romsdal er eit typisk grasfylke. Det betyr at landbruket i stor grad er basert på produksjonar som mjølk, ammeku, småfe og sal av grovfôr. Dette kjem tydeleg fram i oversikta over økologiske føretak i fylket.
Figuren viser at dei fleste økologiske føretaka driv med grovfôrproduksjon – totalt 79 føretak. Til samanlikning er det langt færre økologiske føretak innan frukt og bær (16), potet (7) og grønsaker (4). Dette understrekar at det økologiske landbruket i Møre og Romsdal i stor grad følgjer den same strukturen som det konvensjonelle landbruket.
Prosjekt for meir økologisk landbruk
I Møre og Romsdal er det oppretta ei økogruppe med representantar frå Statsforvaltaren, Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK), Norsk Landbruksrådgiving, Bondelaget, Bonde- og Småbrukarlaget og Økologisk Norge.
I 2025 vart Økogruppa innvilga tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune til prosjektet «Meir økologisk og miljøvenleg landbruk i Møre og Romsdal». Målet for prosjektet er å fremje økologiske metodar som er relevante for heile landbruket. Dette skjer ved å skape møteplassar for bønder og andre landbruksinteresserte, styrkje kunnskap og innovasjon, samt bidra til erfaringsutveksling og kunnskapsdeling.
Det er berre seks år til det nasjonale målet skal nåast, og fylket har potensial til å auke delen økologisk landbruk. For å bidra til det nasjonale 10‑prosentmålet må Møre og Romsdal utnytte styrkane sine og arbeide systematisk med rådgiving, omlegging og marknadsbygging. Fylket har nødvendige kompetansemiljø som NORSØK, sterke husdyrmiljø og eit aukande fokus på berekraft. Dette gir gode føresetnader for vidare utvikling.