Godkjenner områdeplanen for Lundavang og Stuevollen

Illustrasjonsplan som viser planområdet for Lundavang og Stuevollen.
Illustrasjonsplan som viser planområdet for Lundavang og Stuevollen, frå Molde kommune sin planbeskrivelse.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal stadfestar Molde kommune sitt planvedtak for områdeplanen som på sikt skal transformere og fortette det gamle sjukehusområdet sentralt i Molde.

Publisert 29.04.2026

Områdeplanen legg til rette for eit framtidig bustadområde med inntil 670 bustader og totalt 12 000 kvadratmeter næringsareal langs planlagde torg og gater. Planen opnar for både å behalde og å rive det eksisterande sjukehusbygget, avhengig av kva ein framtidig kjøpar av tomta ser som hensiktsmessig.

Klager frå naboar

Det kom inn tre klager frå naboar til planområdet. Klagane gjeld trafikktryggleik i Nini Roll Ankers veg, byggehøgder på den gamle apotek-tomta og flytting av planlagt leikeareal til denne tomta for å redusere ulempene for bustadene i bakkant av planområdet.

– I arbeidet med klagesaka har vi sett på utgreiingane og vurderingane som gjeld ulemper for eksisterande bustader. Det er gjort grundige vurderingar av korleis områdeplanen påverkar trafikk og nærliggande areal og bustader. Kommunen konkluderer med at noko tap av lys og utsikt for enkelte er pårekneleg i eit sentralt fortettingsområde. Dette har vi ingen avgjerande merknader til. Dei konkrete detaljane blir avgjorde i komande detaljreguleringar. Vi finn derfor ikkje grunnlag for å ta klagene til følgje, seier seniorrådgjevar hos Statsforvaltaren, Therese Småland.

I samsvar med overordna prioriteringar

Etter at det blei klart at Molde sjukehus skulle leggjast ned og flyttast til Hjelset, har kommunen arbeidd med korleis området skal nyttast vidare. I kommuneplanens arealdel for 2015–2025 blei det lagt opp til ein transformasjon av sjukehusområdet. Dette er no følgt opp gjennom områdeplanen, som set dei overordna rammene for vidare utvikling.

– Statsforvaltaren deler kommunen si vurdering av at planen ivaretek saklege og planfaglege omsyn og at den er i samsvar med statlege retningslinjer for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging. Planen støttar òg kommunen sine overordna politiske målsettingar for dette området. Vurderingar av korleis eit område skal byggjast ut ligg til kommunen sitt skjønn. Vi har gått gjennom kommunen si arealbruksvurdering og finn at denne er i samsvar med lova sine plankrav, og difor skal stadfestast, avsluttar Småland.