Må utbetre vegkryss til Skorgedalen i Rauma

Oversiktsbilde av eit vegkryss.
Dagens kryss mellom fylkesveg 64 og Skorgevegen. Foto: Norgeskart.

Møre og Romsdal fylkeskommune klaga på at Rauma kommune let ny hytteutbygging i Skorgedalen gå vidare før vegkrysset er utbetra. Statsforvaltaren er samd og har avslått søknaden.

Publisert 16.04.2026

Utbyggjar søkte kommunen om å få dispensasjon frå gjeldande rekkefølgjekrav i reguleringsplanen. Kravet inneber at krysset mellom fylkesveg 64 og Skorgevegen må flyttast før utbygging av 42 nye hyttetomter kan starte. Det er gjennomført avbøtande tiltak, mellom anna forbod mot venstresving i krysset og redusert fartsgrense. Utbyggjar meiner desse tiltaka gjer at behovet for ei fysisk utbetring av krysset ikkje lenger er til stades.

Omsynet til trafikktryggleik

Møre og Romsdal fylkeskommune peiker i klaga si på at krysset ikkje tilfredsstiller  gjeldande vegnormer, og at det difor vart sett krav om utbetring for å betre trafikktryggleiken. Fylkeskommunen meiner det ikkje er forsvarleg å opne for meir trafikk før krysset er fysisk utbetra.

– I arbeidet med reguleringsplanen som vart vedteken i 2024, var fylkeskommunen svært oppteken av å få på plass ei utbetring av krysset. Dei hadde motsegn til planen fram til det vart teke inn eit krav i planføresegnene om at krysset skulle utbetrast før vidare utbygging, forklarer seniorrådgjevar Therese Småland hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Det er dette kravet det no er søkt dispensasjon frå.

Høg terskel for dispensasjon

Det skal mykje til for å få dispensasjon frå ein plan som nyleg er vedteken. Terskelen er særleg høg der planen sitt formål og føresegner nyleg er vurderte og fastsette, sidan dei speglar ei fersk politisk og fagleg avveging.

– Det rekkefølgjekravet som det no er søkt dispensasjon frå, byggjer på konkrete og faglege vurderingar. At dette kom på plass var avgjerande for at motsegna vart trekt og reguleringsplanen kunne godkjennast. I praksis vil ein dispensasjon i dette tilfelle fungerer som ein snarveg for å unngå eit planfagleg krav som er sett av fylkeskommunen som vegmynde. Dette er etter vårt syn i strid med lova sitt system, avsluttar Småland.

Statsforvaltaren har dermed konkludert med at vilkåra for å gje dispensasjon ikkje er oppfylte. Vegkrysset må utbetrast i tråd med reguleringsplanen før ny hytteutbygging kan setjast i gang.