Klimasnu

Eit av dei tverrfaglege satsingsområda til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal dei komande åra er klimaomstilling. Satsinga har fått namnet Klimasnu.

Klimaendringane er ei av dei største utfordringane vi står ovanfor, og Statsforvaltaren skal medverke til gjennomføring av den nasjonale klima- og miljøpolitikken.

I tråd med visjonen vår - ei trygg framtid for folk og natur, skal vi arbeide for å redusere klimagassutslepp i fylket. Vi skal også bidra til at samfunnet blir godt budd på, og blir tilpassa eit klima i endring.

Satsinga Klimasnu skal

  • vere ein regional pådrivar for klimagassreduksjon og klimatilpassing
  • styrke klimakompetansen, både internt i embetet, ute i kommunane og ved andre sentrale aktørar
  • utvikle fylket i ei klimavennleg retning for å nå lågutsleppssamfunnet
  • sørge for at Møre og Romsdal er klar til å takle klimaendringane som kjem

Satsinga er forankra i Statsforvaltaren i Møre og Romsdal sin strategiplan for perioden 2020-2023.


Publisert 17.01.2022

Søk klimasatsmidlar for 2022 no!


Publisert 20.12.2021

Sola skinn for Finn Roger Trodal

Det vart eit energisk møte mellom Statsforvaltar Else-May Norderhus og Finn Roger Trodal. - Bra du tør å satse og gå foran, var Else-May sin første kommentar.


Publisert 16.12.2021

Den urbane bonden

No opnar han Noregs første fullskala anlegg for hydroponisk dyrking av salat.
– Det er utroleg bra at vi har ein slik produsent i Møre og Romsdal, seier ei begeistra statsforvaltar.


Publisert 15.12.2021, Sist endra 15.12.2021

Skule for framtida

På Sæbø har dei lykkast både med klimatilpassing og klimagassreduksjon.


Publisert 27.09.2021

Siste sjanse! - Klimasats 2021

Innan 15. november kan kommunar søke om klimasatsmidlar for ladepunkt, for meirkostnader grunna klimatiltak i innkjøp og for kartlegging av klimatiltak i bygg og anlegg.


Publisert 01.09.2021

Kommunane og Klimasnu: Ta vare på myra!

Øydelegg du myra risikerer du å sleppe ut karbon som har vore lagra sidan istida. Med god planlegging kan kommunen ta vare på myra som karbonlager.


Publisert 13.08.2021

Kommunane og klimasnu: Bygg i tre!

Med lågare klimautslepp frå bygg kan ein komme eit godt stykke på veg mot eit lågutsleppsamfunn.


Publisert 10.08.2021

Varsellampene blinkar i ny delrapport frå FNs klimapanel

Alvorlege klimaendringar er i full gang. Utsleppa av klimagassar har auka sidan siste hovudrapport frå klimapanelet som kom i 2014. Det er framleis mogleg å nå måla i Parisavtala, viss vi vil og gjer det som skal til.


Publisert 04.08.2021

Nest siste sjanse! - Klimasats 2021

Innan 15. august kan kommunar søke om klimasatsmidlar for ladepunkt, for meirkostnader grunna klimatiltak i innkjøp og for kartlegging av klimatiltak i bygg og anlegg.


Publisert 06.05.2021

Hald av 11. og 12. november

Til hausten blir det klimasamling for kommunane i Møre og Romsdal. Vi treffast i Ålesund!


Kontaktpersonar

Klimaomstilling

Med klimaomstilling meiner vi både endringar i samfunnet som gjer det mogleg å redusere klimagassutslepp og endringar som bidrar til at samfunnet er godt budd på og tilpassa eit klima i endring. 

 

KLIMAGASSREDUKSJON

For å bremse den globale temperaturstiginga i tråd med Parisavtalen må store kutt i utsleppa på plass innan 2030. Det er behov for ei stor omstilling av samfunnet i Noreg, òg i Møre og Romsdal. Får å få til dette, må det settast inn tiltak og verkemiddel for å redusere utsleppa, men òg for å auke opptak av klimagassar.

 

KLIMASTILPASSING

Klimatilpassing inneber å tilpasse seg eit klima i endring. Både for å hindre eller redusere skade, men òg for å utnytte moglegheitene som endringane kan føre med seg. Å ta omsyn til eit klima i endring er naudsynt for å gjere samfunnet meir motstandsdyktig – i dag og i framtida.