Klimasnu
Eit av dei tverrfaglege satsingsområda til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal dei komande åra er klimaomstilling. Satsinga har fått namnet Klimasnu.
Klimaendringane er ei av dei største utfordringane vi står ovanfor, og Statsforvaltaren skal medverke til gjennomføring av den nasjonale klima- og miljøpolitikken.
I tråd med visjonen vår - ei trygg framtid for folk og natur, skal vi arbeide for å redusere klimagassutslepp i fylket. Vi skal også bidra til at samfunnet blir godt budd på, og blir tilpassa eit klima i endring.
Satsinga Klimasnu skal
- vere ein regional pådrivar for klimagassreduksjon og klimatilpassing
- styrke klimakompetansen, både internt i embetet, ute i kommunane og ved andre sentrale aktørar
- utvikle fylket i ei klimavennleg retning for å nå lågutsleppssamfunnet
- sørge for at Møre og Romsdal er klar til å takle klimaendringane som kjem
Satsinga er forankra i Statsforvaltaren i Møre og Romsdal sin strategiplan for perioden 2020-2023.
Velkommen til regional plan- og klimakonferanse!
Meld dykk på årets viktigaste samling!
Her vil du treffe alle kommunane i Møre og Romsdal, og saman skal vi finne vegen mot eit meir berekraftig samfunn. Det blir faglig påfyll og erfaringsutveksling.
Publisert 19.05.2022
Kurs i klimagassar frå landbruket - unikt tilbod til kommunane i Møre og Romsdal
Statsforvaltaren har i samarbeid med Norges miljø- og biovitenskaplige universitet (NMBU) arrangert kurs med tema klimagassar frå landbruket
Publisert 13.05.2022
Godt oppmøte på kurs i klimabudsjett
Over 50 deltakarar frå kommunar i heile fylket var samla for å lære meir om klimabudsjett som styringsverktøy. Vi fekk mange nyttige tips undervegs. No kan du sjå heile kurset i opptak her!
Publisert 08.02.2022
Ny podkastepisode er ute: «Klimasnu – ei nødvendig omstilling»
I Møre og Romsdal står vi midt i eit Klimasnu. Lytt til denne podkasten, for å høyre kva vi meiner med det, og om kva for grep kommunane tar, og kan ta, for å få ned klimagassutslepp.
Publisert 17.01.2022
Søk klimasatsmidlar for 2022 no!
Publisert 27.09.2021
Siste sjanse! - Klimasats 2021
Innan 15. november kan kommunar søke om klimasatsmidlar for ladepunkt, for meirkostnader grunna klimatiltak i innkjøp og for kartlegging av klimatiltak i bygg og anlegg.
Publisert 01.09.2021
Kommunane og Klimasnu: Ta vare på myra!
Øydelegg du myra risikerer du å sleppe ut karbon som har vore lagra sidan istida. Med god planlegging kan kommunen ta vare på myra som karbonlager.
Publisert 13.08.2021
Kommunane og klimasnu: Bygg i tre!
Med lågare klimautslepp frå bygg kan ein komme eit godt stykke på veg mot eit lågutsleppsamfunn.
Publisert 10.08.2021
Varsellampene blinkar i ny delrapport frå FNs klimapanel
Alvorlege klimaendringar er i full gang. Utsleppa av klimagassar har auka sidan siste hovudrapport frå klimapanelet som kom i 2014. Det er framleis mogleg å nå måla i Parisavtala, viss vi vil og gjer det som skal til.
Publisert 04.08.2021
Nest siste sjanse! - Klimasats 2021
Innan 15. august kan kommunar søke om klimasatsmidlar for ladepunkt, for meirkostnader grunna klimatiltak i innkjøp og for kartlegging av klimatiltak i bygg og anlegg.
Kontaktpersoner
-
Anne Melbø
Tlf: 71 25 85 15 / 97 70 45 91

Klimaomstilling
Med klimaomstilling meiner vi både endringar i samfunnet som gjer det mogleg å redusere klimagassutslepp og endringar som bidrar til at samfunnet er godt budd på og tilpassa eit klima i endring.
KLIMAGASSREDUKSJON
For å bremse den globale temperaturstiginga i tråd med Parisavtalen må store kutt i utsleppa på plass innan 2030. Det er behov for ei stor omstilling av samfunnet i Noreg, òg i Møre og Romsdal. Får å få til dette, må det settast inn tiltak og verkemiddel for å redusere utsleppa, men òg for å auke opptak av klimagassar.
KLIMASTILPASSING
Klimatilpassing inneber å tilpasse seg eit klima i endring. Både for å hindre eller redusere skade, men òg for å utnytte moglegheitene som endringane kan føre med seg. Å ta omsyn til eit klima i endring er naudsynt for å gjere samfunnet meir motstandsdyktig – i dag og i framtida.