Klimasnukonferansen 2023

Bilde av Fylkesordførar Anders Riise og statsforvaltar Else-May Norderhus opna konferansen.
Fylkesordførar Anders Riise og statsforvaltar Else-May Norderhus opna konferansen. Foto: Elise Sandvik Meland.

Klimasnukonferansen 2023 blei arrangert i Ålesund 14. til 15. november. Sjå alle presentasjonane og les alt om konferansen her.

Publisert 29.11.2023

Dette er 3. året statsforvaltaren og fylkeskommunen saman arrangerer Klimasnukonferansen. Den har blitt ein viktig møteplass for kommunane i Møre og Romsdal. Undertittelen på årets konferanse var den same som i fjor, Natur- og klimakrisa sett i samanheng. Som Else-May Norderhus sa i opningstala: "Dette er ikkje fordi vi ikkje skal fornye oss, men fordi det er så utroleg viktig: klima- og naturkrisa heng saman".

Opptak og gruppearbeid

Opptak frå konferansen ligg ute og vil vere tilgjengeleg fram til 21.12.2023. Vi oppfordrar alle kommunane i Møre og Romsdal til å gå gjennom:

  • innlegget til Thea Aske Haugen - og gjennomføre gruppearbeid 1
    • Innlegget ligg 1:46 minutter ut i opptaket frå dag 1
  • innlegget til Even Tranmæl - og gjennomføre gruppearbeid 2
    • Innlegget ligg 1:23 minutter ut i opptaket frå dag 2

Oppgåvane til gruppearbeidet og oppsummering av gruppearbeida finn du nedst til høgre på denna sida.

Opptak frå dag ein finn du her: Dag 1 on Vimeo

Opptak frå dag to finn du her: Klimasnu Dag 2 on Vimeo

 

image7p4cf.png

Thea Aske Haugen viser korleis dei har arbeidd med miljøkrav i plan- og byggesaker i Bergen kommune. Foto: Åsa Fredly. 

Program

I år hadde vi eit spennande program over to dagar. Alle foredraga som vart vist under konferansen er samla til høgre på denne sida. Noko av det vi lærte var:

  • 1,5 gradersmålet er tapt, men vi må gjere det vi kan for å begrense den globale oppvarminga til 2 grader (Kikki Kleiven)
  • Vi treng meir arbeid i nettverk for kommunalt klima- og miljøarbeid (Toril Fagerbekk)
  • Møre og Romsdal ligg på 8. plass i Folkets fotavtrykk (Anne Melbø)
  • Tenk på Naturvernforbundet i Møre og Romsdal og innlegget deira neste gong du høyrer ordet "utvalde naturtyper" (Øystein Folden)
  • Ikkje berre får vi meir regn i Møre og Romsdal, vi kan få meir tørke også (Renate Frøyen)
  • Naturbaserte løysingar gir meirverdi og kan mellom anna også regulere puls og stressnivå hos folk (Asplan viak)
  • Dagens arealplanlegging i kommunane er ikkje berekraftig (Gro Sandkjær Hansen)
  • Ein klump jord er svært verdifull! (Arne Bardalen)

imagerkwlu.png

Foto: Åsa Fredly. Kikki Kleiven ga oss status for klima og natur

Neste år

Vi gleder oss allereie til neste års konferanse. Da gjer vi som i 2021 og slår saman regional plankonferanse med Klimasnukonferansen. Håper vi sjåast i Ålesund i november 2024. Fram til då, som fylkesordførar Anders Riise sa i slutten av opningstala:

"Vi må gjere det rette og ikkje det lette, det skylder vi vår neste generasjon. Vi kan få det til viss vi samarbeider godt i tida som kjem. Det blir krevjande men det er mogleg!»