Fylkesskogsamling på god gammel lest

Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Med alle dei innskrenkingar koronapandemien har ført med seg, kunne vi endeleg invitere til fylkesskogsamling i Kristiansund 27. – 28. oktober. Utfordringar med å etablere ny skog var den raude tråden i programmet.

Publisert 11.11.2021

Forskar Gro Hylen frå NIBIO fortalde om beiteskadar frå hjort på skog. Vi fekk førebelse resultat frå deira forskingsrapport om hjorteskadar i skog. Vi fekk høyre om kvar og i kva utstrekning hjorten et på gran, både småplanter og bark på vaksne tre. Ho fortalde og om kva som kan auke eller redusera risikoen for beiting.

Planteproduksjon, voksing og planteskuledrift er framleis eit relevant tema, og vi fikk difor besøk frå Norgesplanter AS av dagleg leiar Lars Kihle. Han gav oss eit innblikk i moglegheiter for ulike tiltak mot tap av planter etter næringsgnang frå gransnutebilla. Vi diskuterte plantetidspunkt, plantestorleik, markbereding og voksing.

Markus Pettersen ved Norsk Wax fortalde om utviklinga og arbeidet med å forbetre haldbarheita til plantevoks, og om kva voksmengde betyr for veksten hos voksa planter. Dette gav utgangspunkt for god diskusjon om kva kostnader ein kan leggje i utvikling av planter, sett i forhold til problemet med forynging i Møre og Romsdal.

Ole Martin Bollandsås er forskar ved NMBU. Han forskar mellom anna på kva endringar i klimaet på sikt vil bety for vekst og omfang i norske skogar. Han gav oss eit innblikk i teknologi som blir brukt til registrering av skogsressursar, som laser, flyfoto, satellittar og dronar. Han er også tilknyttet «SmartForest», ei omfattande satsing og eit konsortium av forskingsinstitusjonar og aktørar frå norsk skognæring. I «Smart Forest» skal dei kople saman teknologi frå ulike delar av skogbruket, frå taksering av skog, laser/drone, GPS – logging av aggregat på hogstmaskin og mykje meir. Dette for å betre presisjon og dokumentasjon i skogbruket, samt sjå om det er verdiar å hente ved å auke dataflyten.

Ola Kallset i Tingvoll Skogservice avslutta samlinga med å gi oss eit innblikk i ein skogsentreprenør sin kvardag, noko som er nyttig for fleire av ledda i forvaltninga.

Vidare var det i samlinga innlegg frå Statsforvaltaren om smått og stort i året som var. Nytt i år er Statsforvaltaren sitt auka fokus på forynging. Mellom anna er det etablert eit pådrivarprosjekt for skogkultur og planting etter hogst, der Kristian Bergheim er tilsett i 6 mnd.

I «juridisk halvtime» fortalde jurist ved Landbruksavdelinga, Gunvor F. Ytterstad, om kva vilkår som kan nyttast i vedtaksbrev og løyving av tilskot. Her vart grensegangar mellom dei ulike verkemidla understreka, med god respons frå forsamlinga.

Onsdagen vart som vanleg avslutta med årsmøte i Møre og Romsdal Forstmannslag med påfølgjande «Svartkjeltime» ved turmålet Bautaen på Innlandet med flott utsikt.

Med ein pandemi så godt som tilbakelagt, var fråfallet lavt og gjenkjenningsgleda stor. Statsforvaltaren takkar for godt oppmøte med gode innlegg, interessante oppfølgingsspørsmål og stort engasjement.