Skogbruk

Oppdatert 20.12.2023

Statsforvaltarens oppgåver innanfor skogbruk er knytte til den langsiktige forvaltninga av skog som ressurs for lønnsam næringsverksemd. I samarbeid med andre aktørar er Statsforvaltaren er også engasjert i arbeidet for større verdiskaping basert på trevirke som råstoff.

Statsforvaltaren skal vere ein pådrivar for auka bruk av trevirke som bygningsmateriale og til produksjon av bioenergi. Det er også eit viktig mål å medverke til at vi har ein infrastruktur som kan sikre ein effektiv og lønnsam hogst, samtidig som næringa tek omsyn til miljøet.

Statsforvaltaren gir rettleiing og assistanse til kommunane på område som vegplanlegging, bioenergi, skogskjøtsel og miljøspørsmål. Andre arbeidsområde er koordinering av skogbruksplanlegginga i fylket, forvaltning av skogavgiftsordninga, tilskotsforvaltning og kontrolloppgåver.

Vis meir

Lytt til podkast

Veit du kvifor vi er mest opptatt av å hente ut grantømmer frå skogane i Møre og Romsdal? Og veit du kvifor vi bør la noko skog stå heilt urørt?


Publisert 06.03.2014

Det hastar med miljøsertifisering i skogbruket

Skogbruksplanlegging med miljøregistreringar (MIS) fører fram til miljøsertifisering, noko som er ein føresetnad for å få levere tømmer frå 2016. Vegard Aune, plansjef i Allskog gjorde under skogsamlinga i Molde 05.03.2014 greie for dei nye krava til sertifisering i skogbruket. Frå 2016 skal alle tømmerleveringar vere miljøsertifisert.


Publisert 16.05.2013

Glimrande gran på Nordvestlandet

Grana på Nordvestlandet har svært gode eigenskapar, betre enn grana på Østlandet og i Trøndelag. Dette viser ein råvareanalyse for områda nord for Sognefjorden til og med Møre og Romsdal fylke.