Informasjon om biogass i landbruket for kommunane

Biogassreaktor med blandekum i framkant. Lager for biorest med tak bakerst. Foto: Åsmund Asper, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Nyleg heldt Statsforvaltaren i Møre og Romsdal eit miniseminar om landbruksbasert biogass for kommunane, med fokus på teknisk vurdering av søknad, og høyring på utsleppsløyve.

Publisert 16.06.2023

Seminaret vart avvikla som eit «hybridseminar» med 19 deltakarar, med om lag halvparten tilstades på Fylkeshuset og resten på Teams. 

Teknisk om biogass

Ingvar Kvande frå NORSØK tok den tekniske delen ved eit biogassanlegg, med fokus på dei 2-3 anlegga han har vore tett på her i fylket. Mange gode spørsmål om føresetnader og søknad/løyving. Eit tema som opptek mange er eldsfarleg gass. Ingvar forklarte kva eigenskapar metangass har, og sikkerheitsrutinar for at produksjon og bruk av gassen skal gå rett føre seg. Biogass krev høg kompetanse hos drivar av anlegget.

Meir informasjon om landbruksbaserte biogassanlegg finn du her.  

Kommunane si saksbehandling

Christian Dahl frå miljøvernavdelinga hos Statsforvaltaren gjekk gjennom kva som krevjast for å få utsleppsløyve. Både generelt, men også meir spesifikt kring landbruksbasert biogass og høyringa som kommunane skal svare ut på søknad om utsleppsløyve. Ein søknad har 4-6 månaders behandlingstid. Gode eksempel på kva kommunane bør vurdere vart presentert, frå interesser i området, naboforhold og spesielle forhold som gjeld helse og miljø. Brannvesenet skal også uttale seg, der brannvern er relevant tema. Fleire gode spørsmål frå deltakarane, særleg når det gjaldt detaljgrad. Definisjonar om kva som er industri og kva som er «landbruk pluss» vart også diskutert. Pr i dag er det gitt løyve til 4 landbruksbaserte og 4 industrianlegg for biogass her i fylket.    

Biogassanlegg i Hustadvika

Dei frammøtte drog ut til Morten Toreli i Hustadvika og vitja det nye biogassanlegget som vart starta opp hausten 2022. Morten gav ei god og ærleg framstilling av prosessen kring oppstart, søknad, soner som eldsfarlege områder osv, og sto fram for dei besøkande som rett mann på rett plass. Vidare om korleis ein i det daglege har vurdert drift og mykje av det kommunane treng å sjå før dei skal vurdere ein søknad.

Mål om 30 prosent husdyrgjødsel til biogass

Gode tilbakemeldingar og flinke føredragshaldarar gjer at Statsforvaltaren ser seg nøgd med samlinga. Slike møteplassar kan gje kommunane innsikt og nettverk til å betre skaffe seg kunnskap ved framtidige søknader om biogassanlegg i landbruket.

Stortinget har sett som mål at 30 % av husdyrgjødsla skal gjennom ein biogassreaktor innan 2030. Noreg har i dag ikkje passert 2 %. Statsforvaltaren ser det difor som nyttig at kommunane rustar seg for å handsame fleire slike søknader framover.

image2h152.pngMorten Toreli forklarar rensing av gass og definisjonen av eldsfarleg sone for fremmøte frå kommunane. Foto: Åsmund Asper, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.