Ønsker fleire landbruksbaserte biogassanlegg

I blandekummen til høgre vert husdyrgjødsel og anna substrat blanda. Biogassreaktorkuppelen ser vi i midten, og containerar med fire gassgeneratorar til venstre.
I blandekummen til høgre vert husdyrgjødsel og anna substrat blanda. Biogassreaktorkuppelen ser vi i midten, og containerar med fire gassgeneratorar til venstre. Foto: M. Toreli.

Å få på plass fleire landbruksbaserte biogassanlegg er eit nasjonalt mål.  Når husdyrgjødsel vert brukt til å produsere biogass, vert utsleppa av klimagassar frå landbruket redusert.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.12.2022

I dag vert omtrent ein prosent av husdyrgjødsla nytta til  å produsere biogass. Målet, både hos dagens regjering og også tidlegare statlege meldingar heilt tilbake til 2008-2009, er at dette talet skal opp i 30 prosent.

Slik vert biogassen laga

– Husdyrgjødsel vert ført inn i ein reaktor, ein tett kum for gassfangst. Også andre godkjente organiske blandingar, sokalla «substrat»,  blandast inn. Dette kan vere til dømes fiskeslam, meierislam og matavfall. Blandinga skal ligge i reaktoren i ein temperatur på 37-40 gradar i 30-50 døgn. Når blandinga rotnar, gir han frå seg metangass.

Dette fortel seniorrådgivar Åsmund Asper som har ansvar for klimainnsats i landbruket hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

– Metangassen fangast, gjerast rein og kan nyttast direkte til å produsere straum, eller den kan foredlast vidare og brukast som drivstoff for gassmotorar. Til dømes går bybussane i Trondheim på biogass.

Reduserer CO2-utslepp til luft

I Møre og Romsdal er det no to landbruksbaserte biogassanlegg i drift, samt eit forsøksanlegg på Tingvoll gard. 3-4 planlagde biogassanlegg avventar ulike løyve før dei kan bli bygd.

– Det nyaste biogassanlegget i fylket har Martin Toreli i Hustadvika. Anlegget kan ta 7 000 tonn husdyrgjødsel frå garden, og har også løyve til å motta 1000 tonn med fiskeslam frå landbasert oppdrett og 2000 tonn meierislam, fortel Asper.

Anlegget i Hustadvika reduserer utslepp til luft med omlag 500 tonn CO2-ekvivalenter årleg.

– Metangassen vert det laga straum av. Ved optimal drift kan anlegget gi om lag 700 000 kWh, eller straum til om lag 35 einebustader årleg.

Biorest nyttast som gjødsel

Restane frå reaktoren, kalla «biorest», har mindre lukt og mindre klimagassutslepp til atmosfæren enn vanleg husdyrgjødsel. Bioresten kan bli spreidd på jorda som vanleg husdyrgjødsel med vanleg utstyr.

– Bioresten inneheld omtrent same eller auka del plantenæringsstoff, samanlikna med vanleg husdyrgjødsel.     

Sidan biogassanlegg kan ta imot organisk avfall frå andre enn bonden, må dei ha utsleppsløyve frå Statsforvaltaren før dei vert bygd. Dei må også ha kommunal byggeløyve.

– Alt anna enn husdyrgjødsel som går inn i rektoren, må gjennom hyppige testar. Det vert også tatt gjødselprøvar på bioresten, slik at vi har god kjennskap til kva som skal spreiast på jorda, fortel Asper.

Kontaktpersonar

Åsmund Asper har ansvar for klimainnsats i landbruket hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.